Utløpt

GIS- og plankonsulent

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
GIS- og plankonsulent
Frist
25.03.2014
Ansettelsesform
Fast

Finnøy kommune i Ryfylke har vel 3000 innbyggarar, fordelt på 16 øyar, og er i vekst. Landbruk, havbruk og reiseliv er viktige næringsgreiner i kommunen.Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret Judaberg er om lag 35 minutters reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune speler me på lag og ”Saman for folk i Finnøy” er vår visjon.

 

Finnøy kommune har ledig stilling som GIS- og plankonsulent ved tenesteavdeling Plan og forvaltning.

Tenesteavdeling Plan- og forvaltning har m.a. ansvar for kommunale planoppgåver, forvaltningsoppgåver og tilskotsordningar innafor plan, bygg, oppmåling, landbruk, naturforvaltning og næringsutvikling.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for avdelinga dei neste åra vil vere revisjon av i kommuneplanen. GIS- og plankonsulent vil  få ei sentral rolle i dette arbeidet, særleg i samband med revisjon av arealdelen.  

Ansvar og oppgåver: - Sakshandsaming private og kommunale reguleringsplanar - Ajourhold av digitalt planregister/planbasar - Ansvar for geodata og kartverktøy - Implementering av geointegrasjon (kopling mellom kart og sakssystem) og plandialog

Kvalifikasjonar: - Relevant universitets-/høgskuleutdanning innafor GIS og areal-/samfunnsplanlegging e.l. - Erfaring med, eller interesse for, bruk av kart og GIS i kommunal sakshandsaming - Erfaring med forvaltningsoppgåver/planarbeid - God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Finnøy kommune nyttar nynorsk målform   Personlege eigenskapar: - God gjennomføringsevne og høg leveransedyktigheit - Gode samhandlings- og samarbeidsevner

Vi tilbyr: - Løn etter avtale - Fleksibel arbeidstid - God pensjons- og forsikringsordning - Triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling

For meir informasjon, kontakt personalrådgjevar Paul Aano, tlf 51714709 eller rådmann Helene M. Ohm, tlf 400 32 243.

Søknadsfrist:  25. mars 2014

Søknad m/CV til post@finnoy.kommune.no. Merk søknad med ref.nr. 14/194.

                     

 

 

 

 

 

 

 

 

Sektor
Offentlig
Sted
4160 Finnøy
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Annet
Stillingsfunksjon
Planlegger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helene M Ohm
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
51 71 47 14
Følg firma
8 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 46939304
Sist endret 6. mar. 2014 11:35

Rapporter annonse