Utløpt

Kommuneplanleggar

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Kommuneplanleggar
Frist
25.03.2014
Ansettelsesform
Fast

                     

Finnøy kommune i Ryfylke har vel 3000 innbyggarar, fordelt på 16 øyar, og er i vekst. Landbruk, havbruk og reiseliv er viktige næringsgreiner i kommunen.Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret Judaberg er om lag 35 minutters reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune speler me på lag og ”Saman for folk i Finnøy” er vår visjon.

 

Finnøy kommune har ledig stilling som kommuneplanleggar ved tenesteavdeling Plan- og forvaltning. 

Tenesteavdeling Plan og forvaltning har m.a. ansvar for kommunale planoppgåver, forvaltningsoppgåver og tilskotsordningar innafor plan, bygg, oppmåling, landbruk, naturforvaltning og næringsutvikling.

 Ei av dei viktigaste oppgåvene for Finnøy kommune dei neste åra vil vere utarbeiding av ny kommuneplan. Kommunal planstrategi og planprogram for Kommuneplan 2014 – 2026 er vedtatt. Arbeidet med samfunnsdelen er undervegs, og skal vidare leggast til grunn for arbeid med revisjon av arealdelen. Ny kommuneplanleggar vil få hovudansvaret for gjennomføring av kommuneplanarbeidet.

Ansvar og oppgåver: - Overordna kommuneplanlegging - Samordning av overordna kommunalt planverk - Anna lokalt og regionalt planarbeid innan beredskap, næringsutvikling, samferdsel m.m. - Handsaming av kommunale og private planforslag

Kvalifikasjonar: - Relevant universitets-/høgskuleutdanning innafor areal- /samfunnsplanlegging, juridiske fag, samfunnsfag e.l. - Erfaring med overordna samfunnsplanlegging - Erfaring frå/kjennskap til tenesteområdet - God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Finnøy kommune nyttar nynorsk målform.

Personlege eigenskapar: - God gjennomføringsevne og høg leveransedyktigheit - Gode samhandlings- og samarbeidsevner

Vi tilbyr: - Løn etter avtale - Fleksibel arbeidstid - God pensjons- og forsikringsordning - Triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling

For meir informasjon, kontakt personalrådgjevar Paul Aano, tlf 51714709 eller rådmann Helene M. Ohm, tlf 400 32 243.

Søknadsfrist:  25. mars 2014

Søknad m/CV til post@finnoy.kommune.no. Merk søknad med ref.nr. 14/193.

 

 

 

Sektor
Offentlig
Sted
4160 Finnøy
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Planlegger

Nøkkelord

kommuneplan, beredskap, næringsutvkling, samferdsel

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helene M Ohm
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
51 71 47 14
Følg firma
8 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 46937275
Sist endret 6. mar. 2014 11:37

Rapporter annonse