Utløpt

Kontormedarbeider

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Kontormedarbeider Nordfjordeid trafikkstasjon
Frist
28.02.2014
Ansettelsesform
Fast

I Statens vegvesen Region Vest, er det ledig stilling som kontormedarbeidar ved Nordfjordeid trafikkstasjon. Stillinga er knytt til trafikant- og køyretøyavdelinga, trafikant- og merkantilseksjonen i område Indre Hordaland, Sogn og Fjordane.

Vi søkjer etter ein medarbeidar som har erfaring frå sakshandsaming, som kan trivast med kundekontakt både i skranke og på telefon og som har gode formidlingsevner. Trafikant- og køyretøyavdelinga er under utvikling og det vil over tid kunne medføre endring i arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver:
 Sakshandsaming køyretøyregistrering og førarkort
 Kundehandsaming i skranke og på telefon
 Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonskrav:
Utdanning frå høgskule med relevante fag, min. 2 år, eller fagbrev innan kontorfaget. For kandidater med sterk allsidig praksis frå aktuelle fagområde og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på:
 Evne til å utføre arbeidsoppgåvene på ein sjølvstendig, positiv og fagleg god måte
 Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
 Fleksibilitet i forhold til arbeidsoppgåver
 Resultatorientert og kvalitetsbevisst innstilling
 God skriftleg og munnleg framstillingsevne
 Gode føresetnader for å kunne setje deg inn i etaten sine rutiner, og er fortruleg med PC som arbeidsredskap

Vi kan tilby:
 Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
 Skyss- og kostgodtgjersle etter offentleg regulativ
 Pensjonsordning
 Eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr løn etter nærmare avtale i høve etaten sin lønnspolitikk. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Søknad:
Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.


Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje vil vi varsla søkjar om dette.

Du er velkomen til å søke stillinga (3-017-14) via vår jobbportal på www.vegvesen.no/jobb.

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 6770 Nordfjordeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigfred Sivertsen
Telefon
56 52 02 02
Mobil
91 74 92 35
Følg firma
446 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6770 Nordfjordeid

Annonseinformasjon

FINN-kode 46710457
Sist endret 14. feb. 2014 13:26

Rapporter annonse