Utløpt

Undervisningsstillingar i skulane i Finnøy

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Undervisningsstillingar
Frist
15.03.2014
Ansettelsesform
Fast

Finnøy kommune har fleire ledige lærarstillingar, både faste og vikariat. Det er ledige stillingar både på barne- og ungdomstrinnet frå 01.08.2014.
Finnøy kommune har følgjande tenestestader:

Finnøy sentralskule (1-10 med om lag 300 elevar), Fogn oppvekstsenter (1-7 med om lag 50 elevar), Ombo oppvekstsenter (1-7 med om lag 15 elevar) og Sjernarøy oppvekstsenter (1-7 med om lag 30 elevar). Alle oppvekstsentra har i tillegg barnehage i same bygg.

Løn etter avtale. Arbeidsvilkåra vil vere i samsvar med vedtekne tariffavtalar, lover, reglar og kommunale vedtak. Det vert trekt 2% i pensjon av grunnlønna. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.

Søknad, med ref. nr. 14/113 med vedlagt CV og kopiar av attestar og vitnemål kan sendast til Finnøy Kommune, 4160 Finnøy, innan 15. mars 2014. Referansar må førast opp. Ved ev. tilsetjing skal godkjend politiattest leggjast fram, jf. opplæringslova.

Nærare opplysningar kan ein få ved å venda seg til oppvekstkontoret, tlf. 51 71 47 30 eller 51 71 47 31

Sjå og kommunen si heimeside: www.finnoy.kommune.no

Arbeidsoppgåver
• Undervisning på barne- eller ungdomstrinn.
• Både faste stillingar og vikariat.

Kvalifikasjonar
• Godkjent utdanning.
• God fagkompetanse.
• Erfaring frå grunnskulen.

Eigenskaper
• Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
• Vi ønskjer lærarar som:
• er glade i faga dei underviser i,
• er innstilte på samarbeid og som har evne til å jobbe sjølvstendig,
• er fleksible og har godt humør,
• trivst saman med elevar og føresette,
• er gode på klasseleiing,
• er opptatt av at eleven si utvikling og læring står i sentrum,
• er engasjerte, kreative og løysningsorienterte.

Om arbeidsgiveren

Finnøy kommune ligg sentralt til i Rogaland, med reisetid til/frå Stavanger på ca. 45 minutt. To av øyane er landfaste gjennom Finnfast. Dei andre øyane har godt utbygd transportnett med både ferjer og hurtigbåtar. Kommunen har om lag 3000 innbyggjarar.

Kommunen utarbeidde i 2013 ein felles plan for leseopplæringa i kommunen. Vidare har oppvekstsentra dei siste åra satsa spesielt på læringsstrategiar og klasseleiing. Finnøy sentralskule er med i Utdanningsdirektoratet si ungdomstrinnssatsing, der ein fokuserer på læringsleiing og korleis leggje til rette for ei variert og praktisk vinkla undervisning.

I Finnøy kommune speler me på lag. ”Saman for folk i Finnøy”, er vår visjon. Kommunen ønskjer medarbeidarar som er myndiggjorte, kompetente, engasjerte, fleksible og lojale.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
4160 Finnøy

Nøkkelord

Lærarstilling, Lærerstilling, Ledig, Finnøy, Kommune

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Waldemar Pettersen
Stillingstittel
kommunalsjef
Telefon
51 71 47 30
Følg firma
8 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 46706788
Sist endret 14. feb. 2014 10:50

Rapporter annonse