Utløpt

Lyst på jobb i ein splitter ny barnehage?

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Førskulelærar
Frist
26.02.2014
Ansettelsesform
Fast

Det blir ledig eit tal stillingar for førskulelærar (heile stillingar/delstillingar/fast/vikariat) i Austrheim kystbarnehage. Dette er ein heilt ny og moderne barnehage, med eit spanande utandørs leikeområde. Barnehagen er tatt i bruk i februar 2014.

 

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Her finn ein også utfyllande informasjon om stillingane. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Om arbeidsgiveren

Austrheim kommune er ein vekstkommune som ligg nord i Hordaland med nett over 2800 innbyggarar. Kommunen er ein av vertskommunane til Mongstad, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, petroleumsindustri og CO2-senter. Austrheim har eit tett samarbeid med Lindås kommune om utvikling på Mongstad. Kommunen er også vertskap for ei stor maritim næring. Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av over 480 øyar, holmar og skjer. Bruer knyter kommunen saman og ringvegen i Nordhordland går gjennom Austrheim. Kommunen er eit eldorado for aktivitetar knytt til kyst og hav, og den årlege Havsportveka i august er blitt eit omfattande arrangement som trekkjer folk frå inn- og utland. Austrheim kommune er ein del av regionen Nordhordland. Kommunesenteret ligg vel ein time frå Bergen sentrum. Det er gode jobbmuligheiter i Nordhordlandsregionen, og vi hjelper til med å skaffe jobb for to!. Full barnehagedekning og gode tenester er noko av det som møter deg viss du flyttar til oss.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Britt Ystebø
Stillingstittel
Styrar Austrheim kystbarnehage
Telefon
91 81 27 28
Følg firma
16 følger dette firmaet

Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 46681968
Sist endret 12. feb. 2014 22:23

Rapporter annonse