Utløpt

Prosjektleiar - (Instruktør/utviklar) i CNC og robot

Arbeidsgiver
Hordaland fylkeskommune<br>- OSTERØY VGS
Stillingstittel
Prosjektleiar - (Instruktør/utviklar) i CNC og robot
Frist
10.03.2014
Ansettelsesform
Prosjekt
Kompetansesenteret for CNC og robot er resultatet av eit samarbeid mellom Osterøy vidaregåande skule, lokal og regional industri og Hordaland fylkeskommune.
Formålet med Kompetansesenteret er å gje undervisning på eit nivå som tilfredstiller industrien sine krav til fagkompetanse for å kunna operera moderne CNC-maskiner og industrirobotar.
Kompetansesenteret har sidan 2009 vore ei avdeling av Osterøy vidaregåande skule, og held til i skulen sine moderne verkstadslokale. Her disponerer vi 8 CNC-maskiner og to robotar.
Vi er komne langt i å betra utdanninga på fagområdet for elevane ved skulen, men ønskjer no å utvikla dette vidare ved å utvikla kursmodular for sal til næringslivet og det offentlege.
Målet er å utvikla Kompetansesenteret til eit regionalt og etter kvart eit nasjonalt ressurssenter for kompetanseutvikling innan fagfeltet CNC og robot.

I samarbeid med Hordaland fylkeskommune og lokal industri har vi fått midlar til ein treårig prosjektstilling og søkjer med dette etter:

Prosjektleiar - (Instruktør/utviklar) i CNC og robot ved Kompetansesenteret for CNC og robot.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikla og ta i bruk kursmodular innafor fagområdet tilpassa ulike målgrupper både internt på skulen og for eksterne kundar
  • Halda nær kontakt med bedrifter og fagmiljø innafor CNC og robot for å kunna tilby dei tenester/kurs som næringslivet har behov for.
  • Utvikla samarbeid og samhandling med andre utdanningsinstitusjonar og andre aktuelle fagmiljø for å styrka kompetansen i CNC og robotklynga i Hordaland.
  • Marknadsføra Kompetansenteret og selja inn kursmodular til næringslivet/det offentlege.
  • Bidra til styrking av undervisninga på fagfeltet i Norge m.a. gjennom å initiera/delta i europeisk samarbeid innan fagfeltet.
  • Vera instruktør på fagområdet ved kurs for eksterne deltakarar.
  • Samarbeida med lærarane på TIP/IND om undervisning av elevar.
  • Innhenta nødvendig ekspertise ved kurs i spesielle fagområde der dette er nødvendig.
  • Stillinga rapporterer direkte til rektor ved skulen, og skal også ha eit nært samarbeid med Rådet for Kompetansesenteret for CNC og robot som består av representantar frå skulen, lokal industri og Hordaland fylkeskommune.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan fagfeltet
  • Yrkeserfaring frå industrien og/eller skuleverket med bruk av CNC-maskiner og gjerne også industrirobotar.
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne
  • Erfaring frå prosjektleiing.
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest.
  • Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Eigenskapar

  • Vi søkjer etter ein positiv, løysingsorientert og utadvendt person med god evne til å arbeida sjølvstendig og proaktivt. Vedkomande må også lika å arbeida med og omgåast ungdomar.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%

Om arbeidsgiveren

Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse.

Sektor
Offentlig
Sted
Hatland, 5282 Lonevåg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Magne Ottar Espelid
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 19 40 03
98 25 51 64
Kontaktperson
Leif Tore Solberg
Telefon
90 73 15 66
Følg firma
170 følger dette firmaet

Hatland, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 46531898
Sist endret 11. feb. 2014 09:13

Rapporter annonse