Utløpt

Kommunalsjef

Arbeidsgiver
Finnøy kommune
Stillingstittel
Kommunalsjef
Frist
20.02.2014
Ansettelsesform
Fast

Ledig stilling – Kommunalsjef Plan og forvaltning (ref.nr. 14/100)

Finnøy kommune har ledig stilling som kommunalsjef Plan og forvaltning. Kommunalsjefen vil rapportere til rådmann og vere med i toppleiargruppa i kommunen.

Finnøy kommune er organisert i Fellestenester og i tenesteavdelingane Oppvekst, Helse og omsorg og Plan og forvaltning. Plan og forvaltning har ansvaret for forvaltningsoppgåver og tilskottsordningar innafor plan, bygg, oppmåling, landbruk, naturforvaltning og næringsutvikling. Avdelinga har òg ansvaret for kommunale reguleringsplanar og kommuneplan. Avdelinga har om lag 10 årsverk. Eining drift og utbygging – med ansvar for drift og vedlikehald av veg, vatn og avløp (VVA) og friareal, samt brann, og operative oppgåver knytt til utbyggingsprosjekt i kommunen – vil i frå tilsetting av ny kommunalsjef vere underlagt Plan og forvaltning.

Viktige oppgåver dei neste åra vil vere vidareutvikling av kvalitet og effektivitet i saksbehandlinga og utarbeiding av ny kommuneplan. Samfunnsdelen av kommuneplanen er planlagt ferdig i haust, og arbeidet med arealdelen vil starte opp i 2014. Målet er at avdelinga skal leggje til rette for vekst og utvikling i kommunen, gjennom effektiv saksbehandling og god samfunns- og arealplanlegging. Oppgåveløysinga skjer i samhandling med regionale myndigheiter, næringsliv, innbyggarar og folkevalde i kommunen. 

Ansvar og oppgåver:

  • Ansvar for tenester, økonomi og medarbeidarar på tenesteområdet
  • Fagleg rettleiing og utvikling av medarbeidarar
  • Utviklingsarbeid innafor fag og arbeidsprosessar
  • Utgreiing av saker til politiske utval
  • Bidragsytar til strategisk utvikling av kommunen, som medlem av toppleiargruppa

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå tenesteområdet
  • Gode leiareigenskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

  • God gjennomføringsevne og høg leveransedyktigheit
  • Gode evner til heilskapsvurderingar, og god politisk forståing
  • Gode samhandlings- og samarbeidsevner
  • Tydeleg, motiverande og ivaretakande leiarstil

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i utvikling

Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk.

For meir informasjon, kontakt rådmann Helene M. Ohm, tlf 400 32 243.

Søknadsfrist:  20. februar 2014

Søknad m/CV til post@finnoy.kommune.no. Merk søknad med ref.nr. 14/100.

Om arbeidsgiveren

Finnøy kommune i Ryfylke har vel 3000 innbyggarar, fordelt på 16 øyar, og er i vekst. Landbruk, havbruk og reiseliv er viktige næringsgreiner i kommunen. Talgje og Finnøy er knytt til Nord-Jæren via Finnfast og Rennfast. Kommunesenteret Judaberg er om lag 35 minutters reise i bil eller båt frå Stavanger. I Finnøy kommune speler me på lag og "Saman for folk i Finnøy" er vår visjon.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
4160 Finnøy

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helene M. Ohm
Stillingstittel
Rådmann
Telefon
40 03 22 43
Følg firma
591 følger dette firmaet

4160 Finnøy

Annonseinformasjon

FINN-kode 46457984
Sist endret 31. jan. 2014 12:07

Rapporter annonse