Utløpt

Ledig stilling som undervisningsinspektør kode 1187 ved Forsvarets høgskole - Fokus Setermoen

Arbeidsgiver
Forsvarets Høgskole
Stillingstittel
Ledig stilling som undervisningsinspektør kode 1187 ved Forsvarets høgskole - Fokus Setermoen
Frist
31.01.2014
Bli kjent med Forsvaret

Ledig stilling som undervisningsinspektør kode 1187 ved Forsvarets høgskole - Fokus Setermoen

Ved Forsvarets høgskole - Fokus Setermoen er det frå 01.08.2014 ledig 100 % fast stilling som undervisningsinspektør kode 1187.

Fokus (Forsvarets kompetanse- og utdanningssenter) er ein del av Forsvarets høgskole og gir tilbod om karriereveiledning og sivil kompetanseheving for personell i Forsvaret.
Arbeidsstad for den utlyste stillinga er Setermoen leir.


Arbeidsoppgåver er mellom anna:

I samarbeid med rektor planlegge, organisere og iverksette dei ulike oppgåvene til Fokus. Primæroppgåvene er karriereplanlegging for vernepliktige soldatar og verva personell samt administrasjon- og mekling av kurs for samme personellgrupper.
Næraste overordna er rektor.

Krav til stillinga:

Utdanning frå universitet eller høgskole, minimum tilsvarende bachelorgrad, med formell pedagogisk utdanning eller utdanning innen karriereveiledning. Det kreves minimum 3 års erfaring frå administrativt arbeid, og undervisning eller karriereveiledning.

Det er ønskeleg med praksis frå arbeid med vaksen ungdom, god kjennskap til ulike utdanningar i det sivile skoleverket, erfaring frå og kjennskap til Forsvaret som organisasjon og god digital kompetanse. Det er også ønskeleg med erfaring frå kursadministrasjon samt noe merkantil kompetanse.

Søkaren må vere villig til å gjennomgå vidare utdanning/kurs innan relevante saksområde.
Vi legg vekt på fleksibiltet, serviceinnstilling og gode samarbeidsevner.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalt til intervju.

Diverse opplysningar:

Lønn for stillinga etter Statens lønnsregulativ, ltr. 57-67 (p.t kr 473 400 ? 569 000 brutto pr. år) ut frå kvalifikasjonar.
Det trekkes 2 % lovbestemt innskudd til Statens pensjonskasse.

Opplysningar om stillinga, arbeidsmiljø, arbeidstid og liknande kan ein få ved å kontakte rektor Erlend Kroken, Setermoen,tlf. 77897170 / 97049039.

For at søkarlistene skal vere korrekte, må søknaden vere komplett utfylt.

Kopier av vitnemål og attester må fremlegges ved evt. intervju.
Søknadspapirer returneres kun etter anmodning.

Det kreves at søkere er sikkerhetsmessig skikket.

Om arbeidsgiveren

Forsvarets høgskole er ein akkreditert høgskole som blant anna tilbyr mastergrad i militære studier, og har ansvar for høgre utdanning i Forsvaret. Kjerneområda for FHS er undervisning, forsking og utvikling, og formidling.FHS er organisert i avdelingane Forsvarets stabsskole, FHS Sjefskurs, Institutt for forsvarsstudiar, Noregs idrettshøgskole/Forsvarets institutt og Forsvarets kompetanse- og utdanningssenter.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfoldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrerbakgrunn og kvinner oppmodes til å søkje. Som IA-verksemd legg Forsvaret vekt på å leggje til rette arbeidsforholda for personar med redusert funksjonsevne.

Sektor
Offentlig
Sted
Setermoen leir, 9365 Bardu
Følg firma
13022 følger dette firmaet

Setermoen leir, 9365 Bardu

Annonseinformasjon

FINN-kode 46092109
Sist endret 10. jan. 2014 15:27

Rapporter annonse