Utløpt

Seksjonsleiar - tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Seksjonsleiar - tverrfagleg spesialisert rusbehandling
Frist
12.01.2014
Ansettelsesform
Fast
Her er mange spanande utfordringar for den rette personen.
Eininga er eit satsingsfelt under utvikling. Pasientane kjem frå heile opptaksområdet til Helse Vest.
Det er knytt eit forskingsprosjekt til posten (om brukarmedverknad) og posten samarbeider med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Seksjonsleiar har ein sentral posisjon i utvikling og drift av posten.
Sengeposten har 3 avrusingsplassar, 4 plassar for seinabstinens/stabilisering, 8 rehabiliteringsplassar, inkludert ein brukarstyrt plass.
Til posten høyrer dessutan behandlingsstøtte som omfattar arbeids-, idretts- og musikkterapi og sosionom. Posten har overlege, LIS og psykolog i tillegg til miljøpersonale og andre behandlarstillingar.

Rusposten ligg på Kyrkjebø og ligg vakkert til ved Sognefjorden. Rusposten er ein seksjon under Psykiatrisk klinikk. Psykiatrisk klinikk har også ein allmenn psykiatrisk sengepost på Kyrkjebø.
Seksjonsleiar har avdelingssjef som næraste leiar.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
Helse Førde har 6 månaders prøvetid.
Det krevst godkjend tuberkulinprøve

Arbeidsoppgåver

  • Psykiatrisk klinikk har gjennomført einskapleg leiing, og seksjonsleiar vil ha ansvar for personal, fag og økonomi.
  • Vi treng ein entusiastisk og dynamisk person som har lyst til å ta utfordringa med å leie utviklinga av denne posten.
  • Fagleg utvikling, tverrfagleg samarbeid og utforming av turnusplanarer er sentrale arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar, lege eller psykolog med kompetanse i psykisk helse.
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring.
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Har engasjement for faget og kan jobbe strukturert og målretta.
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har interesse for å utvikle eit godt tverrfagleg miljø.
  • Er tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
  • Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg miljø
  • Gode personlege eigenskaper

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Godt arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Løn etter avtale
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF yter spesialisthelsetenester til dei 108 500 innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Føretaket er i stadig utvikling for å gjere tilbodet best mogeleg innanfor dei rammene styresmaktene set og brukarane forventar.  Helse Førde har sjukehus og psykiatriske institusjonar i seks kommunar og ansvar for ambulanseteneste.  Tal på tilsette er omlag 2500, og budsjettet er på 2,4 milliardar kroner.  Føretaket er organisert i 4 klinikkar.  Det er det statlege Helse Vest RHF som eig Helse Førde. Helse Førde skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Tronvik, 6995 Kyrkjebø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Finn Trædal
Stillingstittel
Oversjukepleiar
Telefon
57 71 43 20
Kontaktperson
Svein Ove Alisøy
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
57 83 94 72
91 81 65 10
Kontaktperson
Ingunn Indrebø
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
57 71 43 16
Følg firma
67 følger dette firmaet

Tronvik, 6995 Kyrkjebø

Annonseinformasjon

FINN-kode 45751330
Sist endret 16. des. 2013 11:14

Rapporter annonse