Utløpt

Saksbehandlar/ kommunekontakt i Statens vegvesen

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Saksbehandlar/ kommunekontakt i Statens vegvesen
Frist
10.04.2015
Ansettelsesform
Fast

Gode vegar er jobben

Plan- og forvaltningsseksjonen for Voss og Hardanger har ledig stilling som saksbehandlar/kommunekontakt.

Kontorplassering Voss eller Odda

Seksjonen har hovudansvar for planlegging av vegprosjekt, gang- og sykkeltiltak, trafikksikringstiltak, kollektivtiltak, tiltak for universell utforming og ulike miljø og forvaltningsoppgåver for riks- og fylkesvegnettet i 15 kommunar i indre Hordaland.

 Arbeidsoppgåver:

Sentrale oppgåver blir å vere kontaktpunkt mot kommunar, private og verksemder i ulike forvaltningssaker og behandle offentlege og private planar som får konsekvensar for vegane etter plan- og bygningslova og veglova. I tillegg vert stillinga tillagt oppgåver innan fagområdet trafikksikkerheit og trafikkteknikk i samhandling med andre på seksjonen.

Stillinga inneber mykje intern- og ekstern kontakt. Vi legg difor stor vekt på evne og vilje til samarbeid, samt gode kommunikasjon evner både skriftleg og munnleg.

Kvalifikasjonar: Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år, innan relevant fagkrins. For kandidatar med gode personlege eigenskapar for stillinga og sterk og allsidig praksis frå offentleg forvaltning og/eller relevant fagområde, kan kravet til utdanning fråvikast. God samfunnsforståing og evne til å vekte ulike interesser i ein større samanheng er viktig.

Dette vil vi også leggje vekt på:

 erfaring frå arealplanlegging eller veg/trafikkfag

 generell IKT kompetanse

 kjennskap til relevant lovverk som veglova og plan- og bygningslova

 evne til å handtere innspel og engasjement frå dei partane sakene gjeld

 erfaring med transportplanlegging i by- og tettstadsområde

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert oversetjing av dine papir og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

 introduksjonsprogram og fadderordning

 fleksitid og gode ordningar for avspasering

 pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse

 etatsskolar og gode høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 5708 Voss
Bransje
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Carl- Erik Nielsen
Telefon
91 66 61 60
Følg firma
445 følger dette firmaet

Askedalen 4, 5708 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 56666347
Sist endret 10. mar. 2015 17:56

Rapporter annonse