Utløpt

Geomatikar til prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Geomatikar til prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal
Frist
06.04.2015
Ansettelsesform
Fast

Hausten 2015 startar anleggsarbeida på den nye motorvegen mellom Os og Bergen. Her skal det i alt byggjast 18,5 km ny 4-felts veg, av dette ca. 14,5 km i tunnel. Med ein kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner vert prosjektet eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomførd i Noreg. Om du vil vere med på byggherrelaget, må du søkje no!

Vi søkjer etter ein geomatikar med  hovudoppgåver innan innmåling og oppfølging av mengder/målebrev. Arbeidet krev at du er store deler av arbeidsdagen ute på anlegget. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.

Prosjektkontor skal etablerast på Hamre ved Klokkarvatnet hausten 2015.

Arbeidsoppgaver:

  • Oppfølging av målebrev
  • Foreta innmåling på anlegget
  • Kvalitetskontroll av geometrien
  • Fagleg bistand ovenfor dei andre tilsette i prosjektet
  • Kvalitetskontroll av eksterne leveransar innan fagområdet
  • Rutiner for kvalitetskontroll og intern rapportering i prosjektet innan fagområdet
  • Utarbeidelse av FDV

Kvalifikasjonar og bakgrunn

Du har utdanning frå universitet eller høgskole, min. 3 år, frå fagområdet geomatikk eller andre relevante fagretningar.  Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Vi krev at du har førerkort for bil (klasse B).

Vi søkjer etter omgjengelege og målretta personar, både erfarne og nyutdanna. Både kreativitet og evne til systematisk arbeid er viktige eigenskapar i denne stillinga, samt gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg.

Du må vere initiativrik, ryddig, strukturert og serviceinnstilt. Evne til å samarbeide med entreprenørane våre er heilt avgjerande, og du bør trivast ute på byggjeplassen. Det er elles viktig med gode generelle datakunnskaper.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse etatsskolar og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

 

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 5147 Fyllingsdalen
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Teknisk personell,
Ingeniør / Geomatikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Knut B.Langeland
Telefon
90 82 58 71
Kontaktperson
Sverre Ottesen
Følg firma
446 følger dette firmaet

Askedalen 4, 5147 Fyllingsdalen

Annonseinformasjon

FINN-kode 56513820
Sist endret 6. mar. 2015 14:12

Rapporter annonse