Utløpt

Regional rådgjevar

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Regional rådgjevar
Frist
18.mai 2014
Ansettelsesform
Fast

Kostnadsoppfølging på utbyggingsprosjekt: Regional rådgjevarstilling
 
Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Statens vegvesen Region vest har mange, store og utfordrande utbyggingsprosjekt i produksjon og under planlegging, og ventar stor aktivitet på byggherresida i åra framover. Ein viktig føresetnad for styring av økonomien på prosjekta er eit oppdatert byggeprogram, gode kostnadsoverslag, god økonomistyring og korrekt rapportering.

I Region vest har vi no ei stilling ledig som rådgjevar der desse oppgåvene står sentralt. Stillinga er knytt organisatorisk til Veg- og transportavdelinga, Byggherreseksjonen, som m.a. har eit overordna, koordinerande fagansvar for byggherreområdet (investering, drift og vedlikehald) i regionen.

Dei tilsette på regionsnivå skal støtte dei tre vegavdelingane, prosjektavdelinga og regionsleiinga med fagleg støtte og koordinering. Dei skal òg vere bindeleddet mellom dei operative einingane og Vegdirektoratet.

Kontorstad for stillinga er anten Leikanger, Bergen eller Stavanger.

Sentrale arbeidsoppgåver som høyrer til stillinga
Rådgjeving og opplæring i økonomistyringssystem mot det operative byggherremiljøet 
Rådgjeving, saksutgreiing og beslutningsstøtte mot regionleiing og seksjonsleiar på området prosjektøkonomi
Koordinere og bistå prosjekta i arbeidet med å utarbeide kostnadsoverslag
Administrere den regionale kostnadsgruppa
Støtte prosjekta med innlegging av kostnadsoverslag og sluttrapportar i kostnadsbanken Trendanalysar
Oppfølging av og rapportering på økonomimåltal i regionen sin resultatavtale og etaten sitt målekort
Kurs/opplæring av prosjektmedarbeidarar

Kvalifikasjonskrav
Utdanning på masternivå (t.d. innafor økonomi, ingeniørfag, matematikk/statistikk) er ønskjeleg. Som eit minimum vert det kravd 3-årig utdanning frå universitet eller høgskule. Ein stor del av arbeidsoppgåvene vil rette seg mot byggherreorganisasjonen. Det er difor eit ynskje om erfaring frå utbyggingsprosjekt, men dette er ikkje eit krav.

Stillinga krev
Gode samarbeidsevner
God analytisk evne
Fleksibel, initiativrik og løysingsorientert organisering av eige arbeid
Evne til å ta ansvar og å arbeide sjølvstendig
Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg
Gode pedagogiske evner (kurs/opplæring)
Interesse for og kjennskap til it-verktøy

Med dei krav til mobilitet som ligg til stillinga, ser vi det elles som ein føremon at du har førarkort klasse B.

Vi tilbyr
I Statens vegvesen gir vi deg høve til personleg og fagleg utvikling gjennom utfordrande og interessante arbeidsoppgåver i samarbeid med engasjerte kollegaer.
Vi tilbyr løn etter nærare avtale i høve til etaten sin lønspolitikk.  Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Vi har fleksitid og skyss/kostgodtgjering etter offentlege regulativ, samt gode pensjons -og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen er ein arbeidsgjevar som er oppteken av tydlege og trygge rammer for medarbeidarane. Vi har eit regelverk som sikrar medarbeidarane sine rettar. Sjølv om det til tider er hektisk hjå oss og arbeidsmengda kan vere stor, legg vi vekt på at ein har mulegheit for fleksibel arbeidstid. Vi ønskjer at du skal kunne kombinere jobb og fritid på ein god måte.

Søknad
Statens vegvesen er oppteken av mangfald, og vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, til å søke jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal, geografisk eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar sjølvsagt arbeidsplassen om det er behov for det.

Det vert  gjort merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentlege sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjar varslast om dette.

For søkjarar som har teke heile eller deler av utdanninga i utlandet, tilrår vi at den vert godkjend av NOKUT(www.nokut.no)

 

 

 

 

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 6000 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 4021 Stavanger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Øyvind Haaland
Mobil
97 66 99 80
Følg firma
445 følger dette firmaet

Askedalen 4, 4021 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 48200415
Sist endret 7. mai 2014 14:31

Rapporter annonse