Utløpt

Stilling ledig ved Ægir Bryggeri som Logistikksjef

Arbeidsgiver
Ægir Bryggeri AS
Stillingstittel
Logistikksjef
Frist
10.02.2014
Ansettelsesform
Fast

Om oss:

Ægir Bryggeri er blant dei første mikrobryggeri i Noreg og vart etablert i 2007. Dei siste 6.5 åra har Ægir hatt stor suksess og utvikla seg til eit av Noregs fremste mikrobryggeri. Ølet er tilgjengeleg på mange sal - og skjenkestader i Noreg med stadig fleire på lista. Me meiner at folk skal kunne velje mellom fleire sortar øl på lik line med vin og derfor tilbyr me stort mangfald. Bryggeriet har utvikla mange spennande øl som har fått stor merksemd og vunne prisar i fleire år. Me består i dag av pub bryggeriet og eit heilt nytt produksjonsbryggeri og brenneri. Ægir bryggeri er i stor vekst og treng fleire flinke medarbeidarar. Teamet vårt består av både kvinner og menn frå fleire land.

Flåm ligg innerst i Sognefjorden i vestlandets vakraste natur. Bergen er 2,5 timar unna og til Voss tek det 50 min. Rikt friluftsliv på både sommar og vinterstid for deg som er aktiv.

Kvalifikasjonar / Personlege kvalitetar:

Norsk- flytande munnleg og skriftleg
Engelsk- flytande munnleg og skriftleg
Bachelorgrad/høgare utdanning eller tilsvarande erfaring
Grunnleggande data kunnskapar
Grunnleggande rekneskapskunnskap

Erfaring innan logistikk og organisering er eit pluss. Utdanning eller erfaring innan marknadsføring og rekneskap er interessant.

Du er ein person som er systematisk og organisert. Du er ryddig og har gode evner til å effektivt prioritere oppgåver. Du er ansvarsbevisst, initiativrik og sjølvstendig samtidig som du har gode kommunikasjonsevner og kan jobbe godt på lag. Du likar å vere i kontakt med folk, du er engasjert i produktet og følgjer med på kva som skjer i industrien.

Arbeidsoppgåver:

Lagerstyring, vareteljing og bestilling. Kommunikasjon med kundar, distributørar og samarbeidspartnarar. Fakturering. Telefon- og e-post sortering. Generell oppfølging og organisering. Logistikksjef jobber tett i saman med sjefsbryggjar når det gjeld planlegging og vareflyt.

Andre opplysingar:

Søkarar til stillinga bør inneha førarkort klasse B. Truck- og personløftersertifikat er eit pluss. Dei første 4 månadane er prøvetid.

Det er ønskeleg med ei snarleg tilsetting. Søknad (CV og følgebrev) eller evt. spørsmål sendast til jobb@aegirbryggeri.no, innan 10 februar 2014.
Sektor
Privat
Sted
Årøyane, 5743 Flåm

Nøkkelord

Logistikk, lager, bryggeri, ordre, øl

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Evan Lewis
Stillingstittel
Gründer

Årøyane, 5743 Flåm

Annonseinformasjon

FINN-kode 46164641
Sist endret 17. jan. 2014 14:22

Rapporter annonse