Utløpt

Logoped

Arbeidsgiver
Helse Bergen<br>- Barneklinikken, Habiliteringstenesta for barn og unge
Stillingstittel
Logoped
Frist
14.06.2013
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Vi har ledig stilling for logoped ved Barneklinikken, Habiliteringstenesta for barn og unge. Vi arbeider med barn og unge 0-18 år med ulike funksjonshemmingar eller kronisk sjukdom. Arbeidet foregår i tverrfaglege team med legar, psykologar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, spesialpedagogar, sosionom og vernepleiar. Vi er 22 fagpersonar, derav 3 logopedar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing av munnmotoriske vanskar
  • Språkleg kartlegging
  • Utarbeiding og oppfølging av habiliteringstiltak
  • Rådgjeving til foreldre og lokale fagpersonar
  • Undervising og nettverksarbeid

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med barn og unge 0-18 år med nedsatt funksjonsevne
  • Erfaring med ulike kartleggingsverktøy
  • Kompetanse og praktisk erfaring i bruk av data og alternativ kommunikasjon

Eigenskapar

  • Må kunne jobbe sjølvstendig samtidig som ein må kunne arbeide nært saman med andre faggruppar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø og like varierte arbeidsoppgåvar
  • Må bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode skriftlege ferdigheiter og gode evner til kontaktetablering med barn og foreldre
  • Ved tilsetjing blir det lagt vekt på å vere personleg egna
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell § 20a

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg og travelt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet.
Budsjettet vårt er på omlag 8,6 milliardar kroner. Vi har dessutan ei rekke kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi ønskjer derfor å knytte til oss dei beste fagfolka. Vi vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Vår visjon er å fremme helse og livskvalitet i vest. Verdiane våre er: * Respekt i møte med pasienten * Kvalitet i prosess og resultat * Tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg Helse Bergen skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert samansetting når det gjeld kjønn og alder, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.

 For stillingar der det stilles krav til tilfredsstillande politiattest, jamfør Helsepersonelloven, Lov om barnehagar og Grunnskoleloven, blir tilsetting gitt under føresetnad av at arbeidstakar leverer tilfredsstillande politiattest. Interessert i å vite meir om oss? Besøk oss på www.helse-bergen.no

Sektor
Offentlig
Sted
., 5021 Bergen

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Vigdis Jacobsen
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
55 97 83 19
Kontaktperson
Solveig Liland
Stillingstittel
Logoped
Telefon
55 97 83 32
Følg firma
2254 følger dette firmaet

., 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 41970624
Sist endret 31. mai 2013 11:32

Rapporter annonse