Vil du jobbe med sykkeltrafikk?
Statens vegvesen Vegdirektoratet
- Frist 7.2.2013
Vil du jobbe med sykkeltrafikk?
Vi søkjer etter deg som bryr deg om korleis byane og tettstadane våre utviklar seg. Du ser det som særleg utfordrande og spanande å jobbe med oppgåver knytte til sykkel. Du har spisskompetanse på sykkeltransport, men også kompetanse på eitt eller fleire av disse områda: gåande, kollektivtransport og/eller bytransport. Du vil bli ein del av eit sterkt og engasjert fagmiljø i Transportplanleggingsseksjonen ved Trafikksikkerheit, miljø og teknologiavdelinga i Statens vegvesen Vegdirektoratet.
Transportplanleggingsseksjonen har eit særskild ansvar for å utvikle strategiar og kompetanse knytte til tilrettelegging for miljøvennlig transport, gang-, sykkel- og kollektivtrafikk samt å bidra til at infrastrukturen er tilgjengeleg for alle. Vi har også eit hovudansvar i Statens vegvesen for å utvikle transportmodellverktøy og metodar for å skaffe fram gode beslutningsgrunnlag.
Ansvar og arbeidsoppgåver: Bidra til at vi blir eit enda sterkare fagleg kompetansesenter i arbeidet med å lege betre til rette for miljøvennleg transport og sykkel spesielt, ved å:
- Drift av sykkelbynettverket
- Nettverksbygging og kompetanseformidling
- Andre tema kan vere knytte til helse, bytransport og universell utforming
- Ha ansvaret for FoU- og utgreiingsoppgåver
- Jobbe med det faglege grunnlaget for transportetatane sitt arbeid med Nasjonal transportplan, og oppfølging av denne
- Følje opp og gje råd knytte til offentleg forvaltning
Kvalifikasjonskrav:
- Eksamen på masternivå frå universitet eller høgskule innan relevante fagområde
- Vi legg stor vekt på relevant erfaring, sykkel spesielt
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner
For kandidatar med sterk og allsidig erfaring frå det aktuelle fagområdet, i tillegg til gode personlige føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Vi søkjer deg som har evne til å ta initiativ og som får ting til å skje. Det er viktig at du raskt kan sette deg inn i ulike problemstillingar og arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta. Du vil ha kontakt med mange kollegaer i regionene og med fagfolk i andre etatar og organisasjonar. Dette krev at du er ein god nettverks- og relasjonsbyggar.
Vi kan tilby:
- Interessante, utfordrande og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø med spisskompetanse innan bytransport
- Konkurransedyktige vilkår og lønn etter avtale i samsvar med etaten sin lønspolitikk
- Gode mulegheiter for personleg og fagleg utvikling i ein stor landsdekkande organisasjon.
- Mulegheiter for internasjonalt samarbeid på nordisk og europeisk nivå
- Arbeidsstad Oslo eller ev. Trondheim
- Fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
Kontaktpersonar: Avdelingsdirektør Anne Ogner, 93009732 eller nasjonal sykkelkoordinator Marit Espeland, 97146241.
Statens vegvesen arbeider for likestilling. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst muleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er eit personalpolitisk mål å nå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, og å rekruttere personar med innvandrar bakgrunn. Vi oppmodar personar med innvandrarbakgrunn til å søke stillinga.
Vegdirektoratet er ei IA-verksemd. Arbeidsforholda blir lagd til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Søk stillinga på www.vegvesen.no/jobb - ledige stillingar i Vegdirektoratet innan 7.februar 2013 eller gå vidare til send søknad/ søk her.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Brynsengfaret 6A, 0667 Oslo
Annonseinformasjon
- FINN-kode 39466456
- Sist endret