Utløpt

Kontrollingeniør tunnel - Ryfast

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Kontrollingeniør tunnel - Ryfast
Frist
20.08.2017
Ansettelsesform
Fast
Vil du ta del i bygginga av eit av Noregs største vegprosjekt? 

Statens vegvesen søkjer kontrollingeniør til bygging av eit av Norges største vegprosjekt, Rv.13 Ryfast og E39 Eiganestunnelen.

Statens vegvesen treng fleire gode medarbeidarar for utbygging av Ryfast og Eiganestunnelen. Prosjektet er under utbygging og omfattar Ryfylketunnelen, Hundvågtunnelen og Eiganestunnelen med tilhørande daganlegg.

Prosjektet er lokalisert i prosjektkontor på Våland i Stavanger med ein byggherreorganisasjon på om lag 50 medarbeidarar.

Prosjektet er planlagt ferdigstilt i 2019. Stillinga er fast i Statens vegvesen, og ved prosjektslutt blir personell overført til andre relevante oppgåver i byggherrepoolen i regionen.

I denne omgang søkjer vi etter: Kontrollingeniør tunnel  

Arbeidsoppgåver kontrollingeniør tunnel:

Oppfølging av utrustningsarbeider i tunnel mhp framdrift, kvalitet og HMS.

Kvalifikasjonar:

Du må ha meir enn 10 års erfaring fra store bygge- eller anleggsprosjekt, inkludert erfaring frå tunnelprosjekt. Kompetanse i tunneldriving og utrusting av tunnel (eks. vann- og frostsikring) er nødvendig.

Du har relevant utdanning frå høgskole eller teknisk fagskole.

For søkere med lang praktisk erfaring kan krav til formell utdanning evt. erstattes med dokumentert realkompetanse.

Du må ha førerkort klasse B.

Det blir lagt vekt på at den som vert tilsett er initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er ryddig og strukturert samt har gode evner for samarbeid.

Det er elles viktig med generelle datakunnskapar sidan våre interne system er elektroniske og i hovudsak basert på internett/web-hotel.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • introduksjonsprogram og fadderordning 
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering 
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse 
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga.

Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

For meir info om prosjektet: http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/e39eiganestunnelen http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/ryfast

LI*PRIORITY

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 4012 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Teknisk personell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Fredrik Wølstad
Telefon
90 26 29 80
Kontaktperson
Gunnar Eiterjord
Telefon
91 87 70 89
Følg firma
447 følger dette firmaet

Askedalen 4, 4012 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 99823989
Sist endret 7. jul. 2017 16:31

Rapporter annonse