Utløpt

Regional planleggar utekontroll

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Regional planleggar utekontroll
Frist
15.08.2017
Ansettelsesform
Fast

Trafikant- og køyretøyavdelinga (TK) i Region vest er bygd opp av regionale fagseksjonar. Utekontrollseksjonen har i hovudsak ansvar for all kontroll av køyretøy ute på vegen. Avdelinga har vore gjennom ei omorganisering og det er behov for å fylle ei nyoppretta oppgåve som planleggar som kan vere med å ta organisasjonen vidare.

Ansvarsområder

Som regional planleggar for utekontroll er du ein del av seksjonen sin stab med oppgåver og ansvarsområde innan m.a:

  • Overordna planlegging og ressursstyring for heile seksjonen i nært samarbeid med seksjonsleiar 
  • Bidra til å optimalisera ressursbruken på dei enkelte einingane 
  • I samråd med koordinatorar på dei andre seksjonane, utarbeide krav til nytt planleggingsverktøy som skal nyttas på heile eininga.

Arbeidsstad er Bergen eller Stavanger.

Dette ønsker vi oss

I Statens vegvesen ønsker vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Det er viktig at du kan; 

  • Kommunisere og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke 
  • Jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgjevnadane og vere tilgjengeleg

Då stillinga er ny i vår organisasjon, vil den som vert tilsett i stor grad kunne vere med å utforma stillingsinnhaldet. Ein må også rekna med å måtte delta i seksjonen si operative verksemd.

Kvalifikasjonskrav:

Relevant universitet/høgskuleutdanning, min. 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetting av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

For å løyse oppgåvene vil det vere ein fordel med erfaring frå planlegging og styring av ressursar, gjerne frå operativ verksemd. Då du skal samarbeide og koordinere med andre einingar for å setje opp kontrollplanar, krevst det gode samarbeidsevner, samt evne til analytisk oppgåveløysing.  Personlege eigenskapar vil også verte vektlagt.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning  
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere  
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse  
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

LI*PRIORITY

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 4033 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Planlegger,
Teknisk personell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Moe
Telefon
92 05 70 62
Følg firma
445 følger dette firmaet

Askedalen 4, 4033 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 99755342
Sist endret 6. jul. 2017 11:56

Rapporter annonse