Utløpt

Utekontroll faggruppeleiar Bergen, Stord og Voss

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Utekontroll faggruppeleiar Bergen, Stord og Voss
Frist
15.08.2017
Ansettelsesform
Fast

Statens vegvesen arbeidar for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som fylkeskommunane og staten sin vegadministrasjon bidreg vi med fagleg grunnlag for politiske vedtak og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Faggruppeleiar utekontroll

Trafikant- og køyretøyavdelinga (TK) i Region vest er bygd opp av regionale fagseksjonar. Avdelinga har vore gjennom ei omorganisering og det er behov for å få inn nye leiarar som kan vere med å ta organisasjonen vidare.

Utekontrollseksjonen har tre regionale faggrupper og vi søkjer no ein faggruppeleiar til området Bergen, Stord og Voss. Kandidaten som takker ja til stillinga, må vere førebudd på at det forventast at vedkommande er mesteparten av tida si Bergen.

Utekontrollseksjonen har i hovudsak ansvar for kontroll av tunge og lette køyretøy på veg og bedriftskontroll av køyre- og kviletid, frå Krossmoen i sør til Nordfjordeid i nord.

Ansvarsområder

Som faggruppeleiar rapporterer du til seksjonsleiar og er ein del av seksjonen si leiargruppe.

Oppgåve- og ansvarsområder:

  • Leie det operative arbeidet i faggruppa
  • Personalansvar for ca. 20 medarbeidarar
  • Ansvar for faglig oppfølging og utvikling av eininga
  • Mål- og resultatansvar
  • Kontakt og samarbeid internt og mot eksterne samarbeidspartar

Dette ynskjer vi oss

I Statens vegvesen ynskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar er det viktig at du

  • kommunisera og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgjevnadane og vere tilgjengeleg

Som leiar i Statens vegvesen forventar vi at du er med og utviklar ein einskapleg etat og legg vekt på resultatleiing. Alle leiarane må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Kvalifikasjonskrav

Relevant universitet/høgskuleutdanning, min. 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi ynskjer kandidatar med leiarerfaring og gjennomføringsevne. Du må vere samfunnsorientert, initiativrik og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ynskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Fagleg etatsopplæring blir gitt når dette er naudsynt.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr

  • utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eiga leiarintroduksjonsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskoler og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn vert fastsett etter nærmare avtale i samsvar med etaten sin lønnspolitikk, og det vert trekt 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

*LI-PRIORITY

 

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 5131 Nyborg
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Moe
Telefon
92 05 70 62
Følg firma
446 følger dette firmaet

Askedalen 4, 5131 Nyborg

Annonseinformasjon

FINN-kode 99647745
Sist endret 4. jul. 2017 13:56

Rapporter annonse