Utløpt

Merkantil faggruppeleiar Stavanger/Haugesund

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Merkantil faggruppeleiar Stavanger/Haugesund
Frist
15.08.2017
Ansettelsesform
Fast

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som fylkeskommunane og staten sin vegadministrasjon bidrar vi med faglig grunnlag for politiske vedtak og set dei ut i livet. Vi er en stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med bred kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regioner.

Faggruppeleiar merkantil

Trafikant- og køyretøyavdelinga (TK) i Region vest er bygd opp av regionale fagseksjonar. Avdelinga har vore gjennom ei omorganisering og vi har behov for å ta inn nye leiarar som kan vere med å ta organisasjonen vidare.

Merkantil seksjon har tre regionale faggrupper og vi søkjer no ein faggruppeleiar til ei av desse, med arbeidsstad Stavanger eller Haugesund.

Merkantil seksjon har i hovudsak ansvar for sakshandsaming av førarkort- og køyretøyregistreringssaker, samt gjennomføring av teoretiske førarprøver.

Ansvarsområder
Som faggruppeleiar rapporterer du til seksjonsleiar og er ein del av seksjonens si leiargruppe.

Oppgåve- og ansvarsområder:

  • Leie det operative arbeidet i faggruppa
  • Personalansvar for ca. 25 medarbeidarar
  • Ansvar for faglig oppfølging og utvikling
  • Mål- og resultatansvar for faggruppa
  • Kontakt og samarbeid internt og mot eksterne samarbeidsparter

Dette ynskjer vi oss
I Statens vegvesen ynskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande. Som leiar er det viktig at du:

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgjevnadane og vere tilgjengeleg

Som leiar i Statens vegvesen forventar vi at du er med og utviklar ein einskapleg etat og legg vekt på resultatleiing. Alle leiarane må ta ansvar for å utvikle medarbeidarane sine og seg sjølv, og vere bevisst på at dei er rollemodellar og kulturskaparar.

Kvalifikasjonskrav
Relevant universitet/høgskuleutdanning, min. 3 år. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Vi ønskjer kandidatar med leiarerfaring og gjennomføringsevne. Du må vere samfunnsorientert, initiativrik og løysingsorientert. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Fagleg etatsopplæring blir gitt når dette er naudsynt.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr

  • utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eiga leiarintroduksjonsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskoler og gode muligheiter for fagleg påfyll

Lønn vert fastsett etter nærmare avtale i samsvar med etaten sin lønnspolitikk, og det vert trekt 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi leggvekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

*LI-PRIORITY

 

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 4033 Stavanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sigfred Sivertsen
Telefon
56 52 02 02
Følg firma
446 følger dette firmaet

Askedalen 4, 4033 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 99642899
Sist endret 4. jul. 2017 12:42

Rapporter annonse