Utløpt

Er du utviklingsorientert og har interesse for reglar og prosedyrar?

Arbeidsgiver
Tolletaten
Stillingstittel
Avdelingsdirektør regelavdelingen
Frist
02.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Tolletaten

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Regelavdelinga skal bidra til å utvikle formålstenlege regelverk og prosedyrar og sikre god etterleving ved effektiv sanksjonering og oppfølging av regelbrot i den registrerte vareførselen.

Avdelinga er delt inn i seks seksjonar som kvar har ansvar for divisjonen sine fagområde innanfor vareførselen. Seksjonane er lokaliserte i Bergen, Oslo, Trondheim og Kristiansand. Som leiar for avdelinga har du eit heilskapleg ansvar for å leie eininga administrativt og fagleg. Avdelinga disponerer om lag 72 årsverk.

Som avdelingsdirektør rapporterer du direkte til divisjonsdirektøren og inngår i leiargruppa i divisjonen.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • bidra til heilskapleg og samfunnsnyttig utvikling av regelverk og prosedyrar
  • ha plan-, rapporterings- og budsjettansvar
  • støtte og koordinere det juridiske fagområdet i divisjonen
  • bidra til utvikling og oppfølging av samarbeidsavtalar

Undervisnings- og foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det blir litt reising.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • mastergrad i rettsvitskap og relevant realkompetanse
  • relevant leiarerfaring. Det er ein fordel om dette er innanfor fagområdet og frå ei større verksemd der dei underliggjande einingane er geografisk spreidde.
  • erfaring med resultat- og budsjettansvar
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • god innsikt i offentleg sektor

 

Det er ønskjeleg med:

  • erfaring frå prioritering og styring av oppgåver og ressursar
  • arbeidserfaring som jurist frå offentleg verksemd
  • erfaring frå utviklings- og digitaliseringsarbeid og gjerne dokumenterte resultat frå større prosjekt

 

Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet, at du har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø, og at du er mål-, resultat- og utviklingsorientert.

 

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som avdelingsdirektør, kr 850 000-950 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad sentralt i Bergen

 

Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen skal jobbe både med førebygging og kontroll for å sikre optimal etterleving. Vareførselsdivisjonen består av ein utviklingsstab, ein styringsstab og fem avdelingar: analyse-, brukardialog-, oppfølgings-, klassifiserings- og regelavdelinga.

 

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for hemmeleg og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

 

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte divisjonsdirektør Ivar Sletten på tlf. 900 16 295, stabsleiar Kari Christine Moldekleiv på tlf. 404 72 635 eller avdelingsleiar Rolf-Ole Seljeflot på tlf. 976 99 791.

 

Du kan lese meir om alle leiarstillingane og moglegheitene den nye organiseringa av tolletaten gir på toll.no

Om arbeidsgiveren

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Tollbodallmenningen 2A, 5004 Bergen
Bransje
Juridiske tjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Ledelse,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

utvikling, juss, ledelse, toll, jurist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Christine Moldekleiv
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
40 47 26 35
Kontaktperson
Ivar Sletten
Stillingstittel
Divisjonsdirektør
Følg firma
2705 følger dette firmaet

Tollbodallmenningen 2A, 5004 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 179074072
Sist endret 19. mai 2020 22:23

Rapporter annonse