Utløpt

Er du utviklingsorientert og har interesse for klassifisering?

Arbeidsgiver
Tolletaten
Stillingstittel
Seksjonssjef tariffseksjonen
Frist
02.06.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Tolletaten

Tolletaten er ein etat i spennande utvikling og med mange igangverande endrings- og utviklingsprosessar. Den nye organiseringa skal mellom anna bidra til meir effektiv ressursutnytting, likebehandling og auka fagleg og teknologisk utviklingskraft.

Tariffseksjonen i klassifiseringsavdelinga er divisjonen si nasjonale eining for å gjere vedtak i bindande klassifiseringssaker på søknad frå næringsliv og private. Seksjonen er etaten sitt faglege kompetansesenter på området og skal bidra til opplæring knytt til klassifisering av varer for heile etaten.

Som leiar for seksjonen har du eit heilskapleg ansvar for å leie eininga administrativt og fagleg. Seksjonen er nasjonalt ansvarleg for fagområdet og disponerer om lag sju årsverk. Du rapporterer til avdelingsdirektøren og inngår i leiargruppa i avdelinga.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • initiere og bidra til utvikling av fagområdet
  • gjere vedtak i klassifiseringssaker
  • ha fag-, personal- og resultatansvar
  • delta i relevante internasjonale forum

Undervisnings- og foredragsoppgåver inngår i stillinga, og du må rekne med at det blir litt reising.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • fullført bachelorgrad. Bestått fordjupingsnivå på kompetansesenteret til tolletaten og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad.
  • klassifiserings- og tarifferingskompetanse
  • relevant leiarerfaring

 

Det er ønskjeleg med

  • erfaring frå arbeid med budsjett- og resultatansvar
  • gode samarbeidsevner
  • erfaring frå utviklings- og digitaliseringsarbeid

 

Leiarplakaten til tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet, at du har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø, og at du er mål-, resultat- og utviklingsorientert.

 

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein viktig samfunnsetat
  • lønn som seksjonssjef, kr 750 000-850 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • arbeidsstad sentralt i Oslo

 

Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen skal jobbe både med førebygging og kontroll for å sikre optimal etterleving. Vareførselsdivisjonen består av ein utviklingsstab, ein styringsstab og fem avdelingar: analyse-, brukardialog-, oppfølgings-, klassifiserings- og regelavdelinga.

 

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar. Du må kunne sikkerheitsklarerast for hemmeleg og levere uttømmande politiattest ved tilbod om tilsetjing.

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I tolletaten er vi opptekne av mangfald. Vi jobbar for eit inkluderande arbeidsliv og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi bidreg i inkluderingsdugnaden og er med på å realisere regjeringa sitt mål om at 5 prosent av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med funksjonsnedsetjing og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du har behov for tilrettelegging, prøver vi å oppfylle dette så langt det lèt seg gjere. Vi gjer merksam på at opplysningar om funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan bli brukte til statistikkformål.

 

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte divisjonsdirektør Ivar Sletten på tlf. 900 16 295, stabsleiar Kari Christine Moldekleiv på tlf. 404 72 635 eller avdelingsleiar Rolf-Ole Seljeflot på tlf. 976 99 791.

 

Her kan du lese meir om alle leiarstillingane og moglegheitene den nye organiseringa av tolletaten gir.

Om arbeidsgiveren

Tolletatens samfunnsoppdrag er å sikre etterlevelse av lover og regler for grensekryssende vareførsel. Vi bidrar til at det skal være lett å gjøre rett, og vet hjelp av etterretning og ny teknologi kontrollerer vi målrettet. Vi tilbyr spennende arbeidsoppgaver i en organisasjon i endring. Etaten har i 2020 en samlet budsjettramme på 1,765 milliarder kroner og ca. 1530 ansatte.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Grensesvingen 26, 0663 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon,
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Kvalitetssikring,
Kontor og administrasjon

Nøkkelord

ledelse, tariffering, klassifisering, utvikling, toll

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Christine Moldekleiv
Stillingstittel
Avdelingsleder
Telefon
40 47 26 35
Kontaktperson
Ivar Sletten
Stillingstittel
Divisjonsdirektør
Følg firma
2706 følger dette firmaet

Grensesvingen 26, 0663 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 179071558
Sist endret 18. mai 2020 15:17

Rapporter annonse