Utløpt

Klinikkdirektør Kronstad DPS

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Divisjon psykisk helsevern
Stillingstittel
Klinikkdirektør Kronstad DPS
Frist
09.09.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Kronstad DPS opna dørene i 2013, og ligg sentralt plassert like ved bybanestoppet på Danmarksplass. Kronstad DPS er eit lokalsjukehus for vaksne. Ved Kronstad DPS blir det gitt tilbod om spesialisthelsetenester til befolkninga i bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda i Bergen kommune.

Vi skal bidra til at menneske med psykiske lidingar kan leve eit normalt liv med fokus på deltaking, sjølvstende og meistring.
Vi har ulike tenestetilbod til menneske med psykisk sjukdom. Behandlinga blir utført ved våre poliklinikkar, seksjonar for dag- og døgnbehandling og i ambulante team. Vi utfører både akutt og planlagt behandling, hovudsakleg etter tilvising frå fastlege. Kronstad DPS har som målsetjing å tilby behandling på rett nivå.

I tett samarbeid med kommunehelsetenesta og fastlegar er Kronstad DPS ein viktig ressurs i utviklinga av framtidsretta og gode tenester til befolkninga i inntaksområdet. Det er 197 årsverk ved Kronstad DPS og eit budsjett på 158 millionar kroner for 2018.

Vi forventar at den nye klinikkdirektøren er med oss i vår visjon om å vere eit av landets beste storby DPSar og bidra til å vidareutvikle tilboda til pasientane våre.
Vi forventar og at klinikkdirektøren ivaretek rolla som kulturbyggjar i Kronstad DPS og vil sørge for å bidra til at vi fungerer som eit positivt og samansveisa fagleg fellesskap.
Vi ønsker oss ein klinikkdirektør med solide kunnskapar om psykisk helsevern samt vilje til å prioritere satsinga på det pasientnære, kliniske arbeidet. Som klinikkdirektør vil du rapportere til divisjonsdirektør og inngå i divisjonsleiinga i Divisjon psykisk helsevern.

Arbeidsoppgåver

  • Sørge for at klinikken skapar effektive pasientløp gjennom god planlegging, logistikk og samhandling internt og eksternt
  • Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Sikre utvikling av god pasienttilfredsheit og rett medisinsk prioritering
  • Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområdet, dei andre einingane i divisjonen, universitet og høgskular
  • Sikre optimal koordinering av den daglege drifta
  • Ha totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Stimulere til opplæring, utdanning og forsking

Kvalifikasjonar

  • Høgare helsefagleg utdanning
  • Solid kunnskap om psykisk helsevern og relevant leiarerfaring
  • Erfaring frå endring- og forbetringsprosessar
  • Kunnskap og erfaring med kompetanseutvikling, forsking- og strategiarbeid
  • Erfaring frå samarbeid med kommune, universitet og andre samarbeidsarenaer

Utdanning

  • Helsefag
  • Høgare helsefagleg utdanning
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Medisin
  • Psykologi
  • Sjukepleie
  • Vernepleie
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Eigenskapar

  • Evne til å sjå og tenkje heilskap
  • Evne til å kombinere god leiing med høgt faglig fokus
  • God gjennomføringsevne
  • Kommuniserer godt med ulike grupper
  • Vektlegg tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Trivst med å motivere og samle dei tilsette om felles mål
  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Strukturert og planmessig i arbeidet
  • Inkluderande og samhandlande leiarstil

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit levande kompetansemiljø
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Direktør
Sted
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Psykiater,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Helsepersonell,
Helsepersonell / Psykolog,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tove Huse Bjerkevoll
Stillingstittel
Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon
48 07 38 34
Kontaktperson
Elisabeth Vikøren
Stillingstittel
Rådgivar HR Divisjon psykisk helsevern
Telefon
48 09 16 86
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 124330512
Sist endret 12. jul. 2018 14:22

Rapporter annonse