Utløpt

Studiesjukepleiar (vikariat)

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Seksjon for forsking og innovasjon
Stillingstittel
Studiesjukepleiar (vikariat)
Frist
12.08.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Det er ledig eit vikariat i 100% stilling som sjukepleiar i samband med at ein av sjukepleiarane ved klinisk forskingspost skal ut i fødselspermisjon til hausten.

Klinisk forskingspost ligg til Seksjon for forsking og innovasjon, og er ein kjernefasilitet for kliniske studiar. Forskingsposten har ansvaret for å leggje til rette for gjennomføring av kliniske behandlingsstudiar for både barn og vaksne, inkludert klinisk utprøving av legemiddel og medisinsk utstyr. Forskingsposten har 10 studiesjukepleiarar, tre sjukepleiarar som arbeider som monitorar for kliniske studiar, samt ein farmasøyt, to overlegar og ein helsesekretær. Senge- og poliklinikkrom og laboratorium er lokalisert til Marie Joys´ hus (barn) og Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus (vaksne).

Nokre kliniske studiar blir også utført på dei kliniske avdelingane på sjukehuset med bistand frå sjukepleiar frå forskingsposten. I tillegg utfører forskingsposten oppgåver knytt til gjennomføringa av populasjonsstudiar og folkehelseundersøkingar ved Forskingseining for helseundersøkingar i samarbeid med Universitetet i Bergen.

Vi søkjer ein medarbeidar med god klinisk erfaring. Den som blir tilsett i vikariatet vil kunne arbeide på alle stader som forskingsposten har aktivitet.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre kliniske studiar, i hovudsak utprøving av legemiddel. Arbeidet inkluderer gjennomføring av studievisittar, blodprøvetaking, måling av vitale teikn, hjelpe til i prosedyrar, administrere behandling, følgje opp biverknader og ivareta pasientane.
  • Registrering av data i studiedatabasar i tråd med studieprotokollar i samband med klinisk oppdragsforsking.
  • Hjelpe til i kontakten med teknologioverføringsselskapet (BTO), inkludert budsjettering og oppfølging.
  • Tidvis vil studiesjukepleiaren utføre andre arbeidsoppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon, til dømes undervising mv.

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om autorisasjon eller lisens som sjukepleiar i Noreg
  • God klinisk erfaring
  • Vi søkjer etter ein sjukepleiar som er fleksibel med omsyn til type studiar og arbeidsstad for utføring av studiar
  • Det er ein fordel med gjennomført kurs i Good Clinical Practice (GCP)

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleiar
  • Sjukepleie

Språk

  • Engelsk
  • Norsk

Eigenskapar

  • Evne til å arbeida både sjølvstendig og i gruppe
  • Evne til å finne løysingar
  • Engasjert og motivert
  • God evne til kommunikasjon
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk
  • Noko fleksibel med tanke på arbeidstid

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Vi kan tilby ei utfordrande stilling i eit dynamisk miljø, med varierte og spennande arbeidsoppgåver.
  • Arbeidstida vil i hovudsak vere dagtid.
  • Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Camilla Tøndel
Stillingstittel
Overlege
Telefon
92 46 83 62
Følg firma
2253 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 123921536
Sist endret 5. jul. 2018 13:56

Rapporter annonse