Utløpt

Køyretøykontrollørar

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Køyretøykontrollørar, Førde
Frist
31.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Køyretøykontrollørar - inspektørar

Statens vegvesen har ei viktig og sentral rolle i trafikksikkerheitsarbeidet. For å oppnå høg trafikktryggleik, er kontroll av køyretøy og bilførarar, samt bruken av køyretøy på veg svært viktige tiltak. Trafikant -og køyretøyavdelinga i Region vest har ansvaret for etaten si kontrollverksemd på desse områda. Eit overordna mål for Statens vegvesen er å redusere antal drepne eller hardt skadde i trafikken. For å nå dette målet treng vi medarbeidarar som ynskjer å medverke til auka trafikksikkerheit.

Ved Førde trafikkstasjonane søkjer vi no etter to dyktige medarbeidarar til stilling som køyretøykontrollør. Stillingane er knytt til denne stasjonen, men det kan verte aktuelt å ta kortare oppdrag andre stader i regionen.

Om seksjonen

Køyretøyseksjonen i Region vest er organisert i to faggrupper ut frå ei geografisk inndeling. Dei ledige stillingane som køyretøykontrollørar er knytt til Faggruppe Kjøretøy 2 som har 23 medarbeidarar lokalisert ved trafikkstasjonane i Bergen, Voss, Sogndal, Førde og Nordfjordeid.

Om stillinga

Oppgåvene vil i hovudsak vere knytt til kontroll av køyretøy i kontrollhall, men også ute på veg.

Arbeidsoppgåver vil vera:

  • kontroll knytt mot tekniske- og bruksmessige krav på lette og tunge køyretøy, både i hall og på veg
  • diverse sakshandsaming og publikumsinformasjon innan køyreteknisk område

Kontrollarbeidet på veg fører med seg at du må arbeide noko på kveld, natt og i helgar. Du må og vere villig til å delta i beredskapsopplegg. Som ein del av opplæringa vil du og få delta på våre interne kurs innan fagområdet.

Kvalifikasjonskrav og bakgrunn

  • du bør ha relevant utdanning frå høgskule, minimum 3 år med fagretning innan maskin-/automatisering eller andre relevante ingeniørfag, alternativt tilsvarande relevant utdanning frå teknisk fagskole eller fagbrev som bilmekanikar
  • gode språkkunnskapar og kommunikasjonsevner både munnleg/skriftleg, samt god kjennskap til grunnleggande IKT som arbeidsverktøy
  • førarkort min. klasse B, samt fylle krava for å kunne erverva dei øvrige førarkortklassane
  • vandelsattest må kunne framleggas
  • praksis frå godkjent verkstad og kjennskap til spesielt tunge køyretøy vil vere ein fordel

 

Vi legg vekt på at du har:

  • teknisk kompetanse om kjøyretøy
  • erfaring med teknisk saksbehandling
  • emne til å arbeida sjølvstendig og er flink til å prioritere samtidig som du ser heilskap og samanheng
  • er positiv, initiativrik og løysningsorientert
  • samarbeider godt med andre og trivas med å jobbe tverrfaglig
  • har fokus på gjennomføring og god kvalitet i leveransane
  • kunne arbeida systematisk og nøyaktig etter gjeldande regelverk

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ønskjer vi ei autorisert omsetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Kontaktperson og søknad

Faggruppeleiar Siv Hanne Eikestad på tlf.: 55 51 66 09  eller på mobil 468 23 603.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sanderplassen 6, 6800 Førde
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Mekanisk,
Teknisk personell
Følg firma
447 følger dette firmaet

Sanderplassen 6, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 123861483
Sist endret 17. jul. 2018 12:40

Rapporter annonse