Utløpt

Assisterande Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Psykiatrisk klinikk, Psykiatrisk akuttmottak
Stillingstittel
Assisterande Seksjonsleiar
Frist
22.07.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ønskjer du nye utfordringar? Vi har ledig fast stilling som assisterande seksjonsleiar i Avdeling for Psykiatrisk akuttmottak, PAM 2. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø, der du kan få nytte den faglege og leiarmessige/administrative kompetansen du har tileigna deg.

Psykiatrisk akuttmottak (PAM) skal ta imot vaksne pasientar som blir lagd inn akutt i Psykiatrisk divisjon. Tilbodet her består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiars stedfortredar
  • Tett samarbeid med seksjonsleiar
  • Medansvar for arbeidstidsplanlegging/turnus/bemanning
  • Oppfølging av tilsette
  • Oppfølging av studentar
  • Internundervising/fagutviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Minst 5 års erfaring frå klinisk arbeid som sjukepleiar/vernepleiar
  • Kunnskap om utarbeiding av turnus
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleie
  • Vernepleie

Eigenskapar

  • Strukturert og sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
  • Engasjert
  • Lojal
  • Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Samarbeidsvillig

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
., 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Ledelse,
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Urd Hege Loftesnes
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 64 22
Følg firma
2234 følger dette firmaet

., 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 123346345
Sist endret 26. jun. 2018 09:25

Rapporter annonse