Utløpt

Pedagogisk leiar 100%

Arbeidsgiver
Kåreviksmarka FUS barnehage as
Stillingstittel
Me søkjer pedagogisk leiar i Kåreviksmarka FUS barnehage
Frist
15.05.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med FUS-barnehagene

Kåreviksmarka FUS barnehage hentar inspirasjon frå Reggio Emilia filosofien. Me har eit positivt barnesyn, og ser på barnet som kompetent og intelligent. Me prøver å fange opp korleis barn erkjenner verda dei omgjev seg i gjennom å lytte, sjå og forstå det medverkande barnet. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader, med mange flotte områder i nærleiken. I innemiljøet vårt har me fokus på leik med materialer framfor ferdigproduserte leiker, me jobber prosjektbasert gjennom å utforske, oppdage, stiller spørsmål og fordjupe oss saman barn og vaksne.   

Me veit at tida i barnehagen har stor innverknad på helse, utvikling og læring, og me har difor forventingar til våre medarbeidarar.

Kjenner du deg igjen?


Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar du andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærlig og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer du av andre?
Er du reflektert? Er du bevisst di rolle som vaksen og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande kvardagssituasjonar i et bredt perspektiv? Finn du løysingar på utfordringar?


Ja? Då er du FUS!

Grunna ny pedagognorm auker me vår pedagogiske bemanning frå 01.08.18.


Me tilbyr:
- Anledning til å vere ein viktig rollemodell, medutforskar samt ta del i barnas utvikling gjennom leik, kvar dag!
- Anledning til å vere med å utvikle barnehagen
- Anledning til å bidra til at barn opplever meistring og glede
- Opplæring gjennom FUS Skulen
- Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av dei største private barnehagenettverka i Noreg
- Ordna tilsettingsforhold
- Eigne FUS klede


Me ønskjer at du:
- Er involvert, verdset kunnskap og er reflektert (FUS)
- Veit at barna har noko å lære av deg som menneske
- Likar å vere ute, leike og vere på tur med barn
Er utdanna barnehagelærar
- Har kjennskap til/erfaring med Reggio Emilia - filosofien.

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald - me ønskjer derfor også at menn skal søkje på denne stillinga.
Tilsettinga krev godkjend politiattest med heimel i barnehagelova som må leveras før eventuell tilsetting i stillinga.

Stillinga er ledig frå 01.08.18

Søknadsfrist 15.05.18

 

Om arbeidsgiveren

FUS Barnehagene består av over 170 barnehager med over 3000 ansatte og 12 000 barn fordelt i 84 av landets kommuner. I FUS Barnehagene er barna FUS (først) og hverdagen preges av et glødende, tilstedeværende og engasjert personale som gir barna en skapende hverdag. Gjennom lek, omsorg og læring i et trygt miljø får barna utvikle seg, oppleve mestring og møte nye utfordringer. Visjonen er vår ledestjerne og gir mening til jobben vi gjør; Sammen gir vi barndommen verdi, lek og glede, hverdagsmagi og vennegaranti.

Sektor
Privat
Sted
Kåreviksmarka 100, 5412 Stord
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trine Kielland
Stillingstittel
Daglig leder
Telefon
92 46 06 37
Følg firma
1296 følger dette firmaet

Kåreviksmarka 100, 5412 Stord

Annonseinformasjon

FINN-kode 119692015
Sist endret 14. mai 2018 10:53

Rapporter annonse