Utløpt

Akustikar/støyingeniør

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Akustikar/støyingeniør
Frist
13.05.2018
Ansettelsesform
Fast
Om stillingen

Vi har ledig stilling innan fagområdet støy ved planseksjonen med kontorstad anten i Bergen eller Stavanger.  

Planseksjonen utfører veg,- gate, og tunnelplanlegging på små og store prosjekt anten i eigen regi eller ved bruk av konsulentar.  Vi har eit samla fagmiljø med nærare 100 medarbeidarar i regionen fordelt på kontora i Leikanger, Bergen og Stavanger.

Arbeidsoppgåver

Du vil få ansvar for heile fagområdet støy i planleggingsfasen av nye vegprosjekt, både innanfor kommunedelplanar og reguleringsplanar.

Du vil ha ansvar for gjennomføring av støykartleggingane etter Forureiningsforskrifta og oppfølginga av desse.

 

Intern rådgjeving er òg ein del av stillinga.

Kvalifikasjonskrav

Du har utdanning som akustikar eller fysikar frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Utdanning som bygningsingeniør med relevant fagsamansetjing  kan og vere aktuelt.

For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og ei godkjenning frå  NOKUT (www.nokut.no).

 

 

Erfaring frå og forståing av fagområdet og kjennskap til aktuelle lover og forskrifter vil vere viktig.

Ønskeleg med kompetanse i bruk av berekningsverktøyet som CadnaA,  Novapoint støy og/eller Støybygg.

Du vil arbeide sjølvstendig innanfor ditt fagområde og dette krev god planlegging- og gjennomføringsevne. Du samhandlar tett med både interne og eksterne samarbeidspartar, er ansvarleg for m.a utarbeiding av konkurransegrunnlag og rapportar  innanfor støyområdet, og dette set krav til god evne til både skriftleg og munnleg kommunikasjon.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

 

 

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og høve til fagleg påfyll

 

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Kontakperson seksjonsleder Wilhelm Lund, telefon: 91 62 36 08 / 55 51 67 43

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

 

 

Sektor
Offentlig
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Teknisk personell
Følg firma
446 følger dette firmaet

Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 118946032
Sist endret 25. apr. 2018 13:32

Rapporter annonse