Utløpt

Seksjonsleiar Thoraxseksjon

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Kirurgisk serviceklinikk
Stillingstittel
Seksjonsleiar Thoraxseksjon
Frist
08.05.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Kirurgisk serviceklinikk - KSK er den største somatiske klinikken i føretaket med ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Ved utgangen av 2017 var det årsverk i Kirurgisk serviceklinikk og våre tilsette har kunnskap og kompetanse innan fleire ulike fagfelt.

Vi søkjer etter ein involverande og engasjerande leiar for Thoraxseksjon
Du er ein leiar som ønskjer å vidareutvikle fagleg innhald og korleis vi vil arbeide saman. Du er ein leiar som kjenner verdien av teamarbeid og utvikling av den enkelte medarbeidar. Du har som mål å drifte operasjonsstovene trygt og effektivt , og du er sentral i arbeidet med forbetring av prosessar og pasientforløp saman med brukarklinikkane våre og dei samarbeidande seksjonane. Det er viktig at du som leiar sørgjer for at seksjonen held eit høgt fagleg nivå.

Om Thoraxseksjon
Thoraxseksjon har hjarte- og lungeoperasjonar, samt hybride inngrep, som spesialfelt. Seksjonen har 27 budsjetterte årsverk og 35 tilsette, alle operasjons- eller anestesisjukepleiarar. Aktiviteten er fordelt på fire operasjonsstover, der ei er hybridstove. Vi har eir tett samarbeid med kirurgar, faste anestesileger, perfusjonistar og reinhaldsassistentar. Vi er døgnseksjonert slik at vi til ein kvar tid har eit eige team på vakt.

Leiar for Thoraxseksjonen rapporterer til klinikkdirektør ved Kirurgisk serviceklinikk og er del av klinikken si leiargruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for utvikling av seksjon Thoraxseksjon
  • Personal- og resultatansvar for eininga
  • Ansvar for rekruttering, bemanning og arbeidsplanar med tilhøyrande dag-til-dag styring av tilsette
  • Ansvar for rett fagleg utvikling av dei tilsette
  • Kompetansekartlegging, kompetanse- og fagutvikling
  • Dagleg oppfølging av drift
  • Ansvar for god samhandling med brukarklinikkane, andre einingar i KSK og sjukehuset elles.
  • Deltaking i klinikkens leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg bachelor-/mastergrad, spesialisering innan operasjon, intensiv eller anestesi.
  • Leiarerfaring er ønskjeleg
  • God kjennskap til turnus og arbeidsplanlegging
  • Kunnskap om og erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskeleg
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper og avdelingar
  • Erfaring frå endrings- og forbetringsprosessar
  • Erfaring frå fagutvikling, utvikling av retningslinjer og prosedyrar
  • God kunnskap og kompetanse innan IKT
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Utdanning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Sjukepleie
  • Spesialisering innan anestesi, operasjon eller intensiv

Eigenskapar

  • Tek ansvar og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
  • Er sjølvstendig og trygg i arbeidet. Skaper tillit og gode relasjonar med andre
  • Er strukturert og systematisk i tilnærming og arbeidsform
  • Har fokus på å skape og å bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø. Er engasjert og engasjerer andre
  • Har god rolleforståing og er tydeleg, etterretteleg og initiativrik
  • Kan både få og gi tilbakemeldingar når det er nødvendig
  • Er handlekraftig, lojal, robust og inkluderande
  • Tåler å stå i endring. Arbeider strukturert, er fleksibel i forhold til oppgåver og bidrar til langsiktig planlegging
  • Er resultatorientert og tek avgjersler til det beste for heile avdelinga
  • God i formidling

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Ein framtidsretta klinikk i kontinuerleg endring
  • Ein arena for læring og utvikling med kompetente fagfolk
  • Tverrfagleg samarbeid med ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
  • Solid forskingsmiljø med forsking og kvalitetsarbeid på mange område
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Jonas Liesvei 21, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier / Intensiv,
Sykepleier / Operasjon,
Sykepleier / Anestesi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hanne Klausen
Stillingstittel
Klinikkdirektør
Telefon
91 13 20 92
Følg firma
2234 følger dette firmaet

Jonas Liesvei 21, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 118540974
Sist endret 20. apr. 2018 16:26

Rapporter annonse