Utløpt

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar ønskes til spanande infeksjonspost på Haukeland universitetssjukehus

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar ønskes til spanande infeksjonspost på Haukeland universitetssjukehus
Frist
13.05.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Medisin post 6 er ein infeksjonsmedisinsk akutteining med 11 sengeplassar. Ved eininga behandlar ein i hovudsak pasientar med infeksjonssjukdommar. Ein behandlar generelle indremedisinske pasientar med ein infeksjonsutløyst tilstand og meir spesifikke infeksjonssjukdomar som: pneumoni, gastroenteritt, sårinfeksjonar, nekrotiserende fasciitt, endokarditt, tropesjukdommar, HIV/AIDS, tuberkulose og sepsis.

Eininga har og mottaksfunksjon for pasientar som blir innlagd med mistanke om meningitt som kjem direkte på post.

Intermediæreininga for overvakingspasientar har plass til 4 pasientar. Her behandlast indremedisinske tilstandar som treng overvaking, og det kan vere pasientar med Ketoacidose, blødingar, alvorleg sepsis. Ein kan gje pressor og respirasjonsstøtte ved Cpap/Bipap til desse pasientane.

Det er utfordrande og lærerikt å jobbe ved posten, då ein får jobbe med generell og meir spesialisert sjukepleie, i tillegg til akutte tilstandar og pasientar som har overvakingsbehov. Vi har eit høgt fokus på hygiene.

Vi har ledig to 1-års vikariat i 60% stilling på natt, med moglegheit for vidare stilling. Opplæringa vil vere på dagtid, og ein er alltid 4 sjukepleiarar på natt.

Det er ønskjeleg med erfaring frå sjukehus, og at ein er interessert i å arbeide med akutt sjuke pasientar. Må trivast i eit hektisk og lærerikt miljø. Ein ønskjer fleire sjukepleiarar med intensivkompetanse. Medisin post 6 er ein triveleg plass å arbeide, det er eit godt fagleg miljø, og posten gir utfordringar til deg som sjukepleiar/spesialsjukepleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av pasientar
  • Overvaking og pleie av pasientar
  • Infeksjonssjukepleie

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Det er ein fordel med erfaring med akutt/kritisk sjuke pasientar
  • Må ha grunnleggjande IKT- kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Eigenskapar

  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Gode kommunikasjonsevnar
  • Løysingsorientert
  • Like varierte utfordringar
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Nøyaktig

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 60%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Intensiv,
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hilde Margrethe S.Dale
Stillingstittel
Avdelingssjukepleiar
Telefon
55 97 37 22
Følg firma
2255 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 117420799
Sist endret 27. apr. 2018 13:22

Rapporter annonse