Utløpt

Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Psykiatrisk klinikk, Psykiatrisk akuttmottak (PAM)
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast
Frist
22.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Har DU lyst på ei ny utfordring?

Psykiatrisk klinikk består av tre avdelingar: psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling for psykose og avdeling for stemningslidingar.

Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gjev akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tek imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungent psykisk helsevern.

På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 2 er ein lukka post med 10 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.

Vi treng deg som har lyst på ein utfordring innan akuttpsykiatri og har ledig fast 100% stilling for sjukepleiar/vernepleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av pasientar saman med lege. Pasientoppfølging
  • Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling
  • Planlegge og sette i verk miljøtiltak
  • Sjukepleiedokumentasjon
  • Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving
  • Pårørandearbeid
  • Fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleiar/Vernepleiar
  • Sjukepleie
  • Sjukepleie videreutdanning
  • Vernepleie

Eigenskapar

  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Det er ønskjeleg at du er ansvarsbevisst og trivast i eit aktivt og travelt miljø, og at du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Interesse for sjukepleie som fag
  • Pasientorientert
  • Engasjert

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri,
Sykepleier,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Urd Hege Loftesnes
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 64 22
Kontaktperson
Torill Kristine Johansen
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Telefon
55 95 64 80
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 116759742
Sist endret 27. mar. 2018 12:56

Rapporter annonse