Utløpt

Assistent til 27% fast helgestilling

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Akuttpost
Stillingstittel
Assistent til 27% fast helgestilling
Frist
22.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Det er ledig 27% fast helgestilling som assistent med arbeid pt. kvar 2.helg.

Akuttposten er per i dag ein døgnbemanna akuttpost med kapasitet til 9 pasientar. Vi held til i andre etasje i det nye Barne- og ungdomssjukehuset på Haukeland universitetssjukehus. Målgruppa vår er barn og ungdom i alderen 0-18 år med psykiske lidingar, som er innlagd frivillig eller under tvang.

Oppgåvene våre er knytt til observasjon, utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/ utprøving av tiltak og behandling. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innanfor helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiater, psykologspesialistar, samt legar i spesialisering (LIS).

Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykisk liding. Det er ønskjeleg at eit fleirtal av personalet skal ha spesialisering eller vidareutdanning innan sitt fagfelt. For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.

Vedkommande som får tilbod om tilsetjing, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging - observere, kartlegge og dokumentere pasientane sine behov, samt iverksetjing av miljøterapeutiske tiltak.
  • Kontakt med pårørande blir sett på som ein naturleg del av det miljøterapeutiske arbeidet.
  • Praktiske oppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Studentar frå sjukepleie- og vernepleieutdanning ved høgskulen, psykologistudentar eller studentar med anna helse- og sosialfagleg retning
  • Ønskjeleg med erfaring innan psykisk helsearbeid
  • Fagleg engasjement innan psykisk helsearbeid
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows OS og Office)
  • Ønskjeleg med kunnskap om EPJ (elektronisk pasientjournal)
  • Må meistre norsk, både munnleg og skriftleg godt
  • Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna

Utdanning

  • Barnevernsfag
  • Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
  • Psykologi
  • Sjukepleie
  • Vernepleie

Eigenskapar

  • Vi ønskjer medarbeidarar som:
  • har respekt for den enkelte pasient
  • er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
  • har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksibel
  • har gode kommunikasjonsevner
  • har evner til å førebyggje konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar
  • er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • trivast i eit aktivt og travelt miljø og har høg arbeidsmoral

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 27%
  • Arbeid pt. kvar 2. helg
  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Introduksjonskurs/brannkurs m.m via læringsportalen
  • Obligatorisk TERMA-kurs (terapeutisk møte med aggresjon)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nina A. Auro
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 57 53
Kontaktperson
Susanne Karlsen
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Telefon
55 97 57 52
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 116757693
Sist endret 27. mar. 2018 12:27

Rapporter annonse