Utløpt

Rådgivar - Fagsenter for medisinske kvalitetsregister

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgivar - Fagsenter for medisinske kvalitetsregister
Frist
22.04.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Regionalt fagsenteret for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest søkjer etter medarbeidar til eit årsvikariat som rådgivar med moglegheit for forlenging.

Fagsenteret skal gje service, rettleiing og følgje opp dei nasjonale medisinske kvalitetsregistra forankra i regionen og også gje service til dei lokale og regionale registra i regionen. Føremålet med kvalitetsregistra er å dokumentere behandlingsaktivitet og behandlingsresultat. Resultata frå registra skal vere til nytte for pasientane. Registerdata vert brukt til å evaluere kvalitet og helsegevinst av sjukehusbehandlinga, og er grunnlag for kvalitetsforbetringsarbeid, forsking og styring.

Fagsenteret er organisatorisk lagt til Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Bergen. Senteret har p.t. 7,5 årsverk og er tverrfagleg samansett. Senteret inngår som ein del av Nasjonalt servicemiljø ved Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord RHF.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgivaren skal inngå i eit team som bistår fagmiljø med å byggje opp og utvikle medisinske kvalitetsregister og nytte desse til kvalitetsforbetring og forsking. Det gjeld på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå
  • Arbeidsoppgåvene omfattar å rettleie kliniske fagmiljø i val og bistand i utvikling av teknisk løysing for registre
  • Bistå i utarbeiding av kravspesifikasjon for teknisk løysing. Bestillarkompetanse
  • Koordinere prosjekt, gjerne erfaring frå t.d. Smidig utviklingsmetodikk
  • For nasjonale registre vil teknisk løysing i praksis bli utvikla av Helse Vest IKT og av IKT-miljø i dei andre regionane. Rådgivaren vil vere eit bindeledd mellom det kliniske fagmiljøet og resursane på Helse Vest IKT. For lokale registre vil arbeidsoppgåvene og omfatte utvikling og tilpassing av tekniske løysingar og implementering i klinisk praksis
  • Formidling og undervising av oppgåver som fagsenteret har ansvar for
  • Planlegging og administrasjon, referat, sakshandsaming, utgreiingar og oppfølging

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein person med relevant utdanning på mastergradsnivå eller høgare
  • Evne til å handtere databasar
  • Kompetanse innan databasar, programmering og analyse- og resultatverktøy som t.d. Power BI m.v. vil vere ein fordel
  • Erfaring med formidling og møteleiing blir også positivt vektlagt
  • Søkjar må naturleg kunne handtere norsk både munnleg og skriftleg. Særleg vil god skriftleg framstillingsevne bli vektlagt
  • Det blir lagt vekt på personleg engasjement, å vere eigna til jobben og ha å gode samarbeidsevner

Utdanning

  • Allmennfag/naturfag/realfag
  • Helsefag
  • Høgskule/universitet, doktorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • IKT-fag
  • Modellering og dataanalyse
  • Samfunnsfag

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

Eigenskapar

  • Omgjengeleg, ein god teamarbeidar
  • Serviceinnstilt
  • Resultatorientert
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Analytisk
  • Flink til å prioritere arbeidsoppgåver
  • Ønskjer å ta del i den store utviklinga som registerfeltet er inne i

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Vi kan tilby spennande utfordringar i ein organisasjon i sterk utvikling, dyktige og engasjerte kollegaer samt interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus, Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon,
IT,
Helse og omsorg,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Guldbrandsøy
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
55 97 55 59
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus, Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 116494767
Sist endret 23. mar. 2018 10:28

Rapporter annonse