Utløpt

Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Avdeling for rusmedisin, Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Stillingstittel
Psykologspesialist
Frist
15.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin, LAR, har ansvaret for behandlinga til pasientane i LAR i Bergensområdet. Vi har totalt om lag 70 tilsette fordelt på 7 poliklinikkar i ulike bydelar i Bergen, samt eit eige team for pasientar i omegnskommunane. Eininga er tverrfagleg samansett med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, merkantile, legar og psykologar. Det er to psykologspesialistar i seksjonen, samt fem psykologar.

Etter nokre års oppbygging av eininga er vi i gang med ein større satsing på psykologisk behandling for pasientane. Vi vil utvikle eit integrert behandlingstilbod med betydeleg fokus på psykososiale perspektiv.

I løpet av dei neste to åra vil seksjonen etablere individ-, gruppe- og dagbehandlingstilbod. Som psykolog vil du bli sentral i denne utviklinga. Det er forventa at psykologar skal drive med behandling, men ein skal i tillegg støtte medarbeidarar gjennom rettleiing, undervising og samarbeid i team. Vi ser etter ein psykologspesialist som kan hjelpe oss med å utvikle ein felles forståing og ein integrert modell for rusbehandling til pasientgruppa i LAR.

Vi lyser nå ut ein fast stilling som psykologspesialist til LAR team Årstad. Dette teamet har også ansvaret for vår lavterskel-LAR, hvor opioidavhengige kan henvende seg direkte for vurdering av sitt behandlingsbehov for LAR, utan å trenge henvising. Arbeidsstaden vil vere dels i LAR Årstad sine polikliniske lokaler i Møllendalsveien 31, og dels i våre polikliniske lokale i Østre Murallmenning 7 i Bergen sentrum.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og diagnostisering
  • Behandling - individuelt, ambulant, familie og i gruppe
  • Bidra i utviklingen av eit nytt tilbod for dag- og gruppeterapi
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Rettleiing og undervising eksternt og internt
  • Samarbeid med pasienten sitt nettverk
  • Vurdering av henvisingar til LAR
  • Arbeidsstad vil vere dels i Bergen sentrum og dels i LAR Årstad poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Erfaring frå arbeid med pasientar med samansette sjukdommar innan rus og psykiatri vil telje positivt
  • Kompetanse på eller erfaring med behandling av pasientar med komplekse behov som inkluderer vald, truslar og traume er ønskjeleg

Utdanning

  • Profesjonsstudium
  • Psykologi

Eigenskapar

  • Engasjement, vilje og evne til å jobbe over tid med pasientar med stor sjukdomsbyrde og samansett problematikk
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men i tverrfagleg samarbeid, integrert og som støtte for andre faggrupper
  • Fleksibilitet i arbeidsmetodikk og tilnærming til pasientane
  • God kompetanse i å uttrykke seg både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Deltaking i utviklinga av ein ny integrert behandlingsmodell for ein sårbar gruppe pasientar med stor sjukdomsbyrde
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Støtte frå psykologkollegaer
  • Lønn i samsvar med gjeldende overeinskomst

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Østre Muralmenningen 7, 5012 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
David Walker
Stillingstittel
Psykologspesialist
Kontaktperson
Henriette Blattmann
Stillingstittel
Teamleiar LAR Årstad/ M31
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Østre Muralmenningen 7, 5012 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 116323606
Sist endret 20. mar. 2018 14:33

Rapporter annonse