Utløpt

Spesialrådgivar (jurist) i Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Spesialrådgivar (jurist) i Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon
Frist
22.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Det er ledig ein fast 100% stilling som spesialrådgivar (jurist) i Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon.

Seksjonen yter forskingsadministrative tenester og har ein sentral posisjon i vidareutviklinga av rammene for den kliniske forskinga både i Helse Bergen og i Helse Vest. Seksjonen er eit bindeledd mot dei universitets- og høgskulebaserte forskingsmiljøa, og har viktige roller i regionale og nasjonale nettverk for forsking og innovasjon.

Målsetjinga for seksjonens arbeid er at forsking og innovasjon skal styrkast både i kvantitet og kvalitet ved å gje profesjonell forskingsstøtte og gode IKT-løysingar.

Ei sentral oppgåve for seksjonen er å gje juridiske råd i samband med utarbeiding av søknadar om ekstern forskingsfinansiering og innovasjonsprosjekt, samt utarbeide kontraktar og samarbeidsavtalar. Seksjonen har også sekretariatsfunksjon for dei regionale samarbeidsorgana for forsking, innovasjon og utdanning mellom Helse Vest og universiteta og høgskulane i regionen.

Vi søkjer etter ein ny medarbeidar (jurist) med kompetanse på avtaleverk og erfaring med sakshandsaming innan forskingsadministrasjon på overordna nivå.

Arbeidsoppgåver

  • Juridisk rådgiving, spesielt oppgåver knytt til avtale- og kontraktarbeid i samband med ekstern finansiering av forskings- og innovasjonsprosjekt
  • Spesialrådgivar skal spele ei aktiv rolle for å styrkje og vidareutvikle samarbeidet mellom forskingsmiljø regionalt/nasjonalt/internasjonalt ved å sørgje for gode og tydelege samarbeidsavtalar, og i tillegg koordinere, følgje opp og forvalte denne saksporteføljen. Informasjonsverksemd mot forskingsmiljøa og kontakt med eksterne forskingsfinansierande institusjonar som EU og Noregs forskingsråd mv. vil inngå i dette arbeidet
  • Utgreiingsarbeid, saksførebuing, sakshandsaming og oppfølging av saker innan seksjonens ansvarsområde, samt strategiarbeid, høyringssvar og utlysing av forskingsmidlar
  • Utgreiingsarbeid i lokale, regionale og nasjonale arbeidsgrupper/fora, vil også inngå i arbeidsoppgåvene
  • Juridisk rådgiving på andre område inkludert forvaltningsrett og immaterielle rettigheter kan inngå i stillinga
  • Rådgiving og sakshandsaming knytt til personvern kan også vere aktuelt
  • Tidvis vil spesialrådgivaren utføre andre spesifikke arbeidsoppgåver som ligg til Seksjon for forsking og innovasjon si saksportefølje

Kvalifikasjonar

  • Formell utdanning på mastergradsnivå eller høgare
  • Det er ein føremon med dokumentert kompetanse og erfaring frå forskingsadministrativt sakshandsaming og arbeid på overordna nivå
  • Kjennskap til helseforsking og samhandlingsmønstera mellom helseføretak og universitets- og høgskulesektoren er ønskjeleg
  • Kjennskap til utforming av forskingskontraktar opp mot til dømes EU og Noregs forskingsråd, samt utforming av samarbeidsavtalar mellom forskingsinstitusjonar er ønskjeleg
  • Søkjar må naturleg kunne handtere norsk og engelsk både munnleg og skriftleg. Særleg vil framifrå skriftleg framstillingsevne bli tungt vektlagt

Utdanning

  • Høgskule/universitet, doktorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Juridiske fag

Språk

  • Engelsk
  • Norsk

Eigenskapar

  • Vere initiativrik, sjølvstendig og analytisk
  • Fleksibel med omsyn til endring av arbeidsoppgåver og portefølje
  • Ha stor arbeidskapasitet
  • Kunne jobbe målretta og resultatorientert
  • Det blir lagt vekt på personleg engasjement, å vere eigna til jobbens krav og ha gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Vi kan tilby spennande utfordringar i ein organisasjon i sterk utvikling, dyktige og engasjerte kollegaer samt interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • Lønn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Helse og omsorg,
Juridiske tjenester
Stillingsfunksjon
Jurist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Reidar Thorstensen
Stillingstittel
Ass. seksjonsleiar
Telefon
55 97 55 38
48 24 52 11
Følg firma
2255 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 116065703
Sist endret 16. mar. 2018 14:39

Rapporter annonse