Utløpt

Rådgivar analyse/statistikk - Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgivar analyse/statistikk - Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest
Frist
23.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Regionalt fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest søkjer etter medarbeidar i 100% stilling innan analyse/statistikk.

Fagsenteret skal gje service, rettleiing og følgje opp dei nasjonale medisinske kvalitetsregistera forankra i regionen, og gje service til dei lokale og regionale registera. Føremålet med kvalitetsregister er å dokumentere behandlingsaktivitet og behandlingsresultat. Resultata frå registera skal vere til nytte for helsetenesta. Registerdata skal brukast til å evaluere kvalitet og helsegevinst av sjukehusbehandlinga og er grunnlag for kvalitetsforbetringsarbeid, styring og forsking.

Fagsenteret er organisatorisk lagt til Forskings- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon i Helse Bergen. Senteret har p.t. 7,5 årsverk og er tverrfagleg samansett. Senteret inngår som ein del av det nasjonale servicemiljøet ved Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering (SKDE) i Helse Nord RHF.

Arbeidsoppgåver

  • Rådgivaren skal inngå i eit team som bistår fagmiljø med å byggje opp og utvikle medisinske kvalitetsregister og nytte desse til kvalitetsforbetringsarbeid, styring og forsking. Dette gjeld på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Teamet medarbeidaren skal inngå i består av personar med statistisk, IKT-fagleg, juridisk og helsefagleg kompetanse.
  • Hovudoppgåva vert analyse/statistikk og rapportering av kliniske registerdata for einskilde register. Rådgiving inn mot oppbygging av kvalitetsregistre, kodebok og variabelsett inngår.
  • Eksempel på oppgåver er å rettleie kliniske fagmiljø/register i å velja kva data som skal samlast inn og korleis desse data skal strukturerast, og å gje statistisk bistand til analysar og pedagogisk framstilling av analyseresultat.
  • Bistå med formidling av resultat til mellom anna det regionale helseføretaket, dei lokale helseføretaka, fagmiljøa og pasientane. Det vil òg vere noko undervising (for eksempel på seminar og samlingar) knytt til oppgåvene fagsenteret har ansvar for.
  • Planlegging og administrasjon, referat, sakshandsaming, utgreiingar og oppfølging
  • Medarbeidaren vil delta i nasjonale fagmiljø, prosjekt m.m.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein person med formell utdanning på mastergradsnivå eller høgare. Det er eit ønskje at personen har dokumentert kompetanse i kvantitativ metode/statistikk, evne til å handtere og analysere data, og god kjennskap til statistikkverktøy, gjerne R. Kjennskap til databasearbeid, programmering og andre analyse-/statistikkverktøy vil vera ein fordel.
  • Det blir lagt vekt på personleg engasjement og gode samarbeidsevner.
  • Medarbeidaren skal inngå i eit team som består av personar med statistisk, IKT-fagleg, juridisk og helsefagleg kompetanse.
  • Erfaring med undervising, møteleiing og teamarbeid blir positivt vektlagt.
  • Søkjaren ønskjer å ta del i den store teknologiske og organisatoriske utviklinga som registerfeltet er inne i.
  • Søkjaren må naturleg kunne handtere norsk både munnleg og skriftleg. Særleg vil god skriftleg framstillingsevne bli vektlagt.

Utdanning

  • Allmennfag/naturfag/realfag
  • Helsefag
  • Høgskule/universitet, doktorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • IKT-fag
  • Medisin
  • Modellering og dataanalyse
  • Samfunnsfag

Språk

  • Engelsk
  • Norsk

Eigenskapar

  • Omgjengeleg, ein god teamarbeidar
  • Serviceinnstilt
  • Resultatorientert
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Analytisk
  • Interessert i å læra nye ting
  • Flink til å prioritere arbeidsoppgåver
  • Fleksibel

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Vi kan tilby spennande utfordringar i ein organisasjon i sterk utvikling, dyktige og engasjerte kollegaer og interessante og krevjande arbeidsoppgåver.
  • Moglegheit for fagleg utvikling.
  • Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon,
Helse og omsorg,
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Rådgivning

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kari Guldbrandsøy
Stillingstittel
Fagleiar
Telefon
55 97 55 59
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 115999905
Sist endret 19. mar. 2018 10:47

Rapporter annonse