Utløpt

Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Kronstad distriktspsykiatriske senter DPS
Stillingstittel
Psykologspesialist
Frist
08.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Vil du vere med å vidareutvikle ein travel og spennande poliklinikk saman med andre spesialistar?

Poliklinikken har eit godt, veletablert og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vi har no ledig ei fast 100% stilling, og søkjer etter ein psykologspesialist som vil vere med på å ivareta og vidareutvikle tilbodet til pasientgruppa.

Psykosepoliklinikken tilbyr spesialisthelsetenester til personar over 18 år som har ei psykoseliding. Som ein av dei første i landet har vi organisert poliklinikken i to team som arbeider etter FACT-modellen. FACT står for Flexible Assertive Community Treatment , og kan omsettast til fleksibelt, aktivt og oppsøkjande behandlingsteam. Vi har både poliklinisk og oppsøkande behandling av pasientar. I kritiske fasar kan eit FACT-team tilby tettare oppfølging for å kunne førebygge kriser, hindre at pasienten må innleggast og bidra til å stabilisere ein vanskeleg situasjon.

Poliklinikken er for tida bemanna med fire overlegar, to psykologspesialistar, psykologar, sjuke- og vernepleiarar, sosionomar, ergoterapeut og erfaringskonsulentar. Etter tilsetjing i utlyst stilling vil det vere tre psykologspesialistar i 100% stilling i seksjonen. Ta gjerne kontakt for meir informasjon om stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk og ambulant, oppsøkjande behandling og rehabiliteringsarbeid av vaksne pasientar med alvorleg psykisk liding
  • Ansvar for utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar som er tilvist klinikken
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Rettleiing til og samarbeid med det lokale hjelpeapparat, undervising og nettverksarbeid
  • Samhandling med kommunale tenester og spesialisthelsetenesta

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i klinisk psykologi
  • Brei klinisk erfaring frå psykiatri/ rus og arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og/ eller det kommunale tenesteapparatet
  • Søkjar bør ha førarkort kl. B
  • Norsk autorisasjon

Utdanning

  • Profesjonsstudium
  • Psykologspesialist

Eigenskapar

  • Du er motivert, fleksibel, initiativrik, interessert og har respekt og engasjement for pasientar med psykoselidingar
  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert og taklar stressande situasjonar med tryggleik, ro og fagleg haldning
  • Du har gode evner til kontaktetablering og har tolmod og evne til å jobbe langsiktig
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø, har omsorg for deg sjølv og for andre
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar
  • Gode høve til personleg og fagleg utvikling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Leila Hodali
Stillingstittel
Seksjonsoverlege
Telefon
55 95 60 00
Kontaktperson
Ellen Qvindesland Grønnevet
Stillingstittel
Overlege
Telefon
55 95 60 00
Kontaktperson
Alf Georg Opheim Sørensen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
90 54 62 20
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 115989485
Sist endret 15. mar. 2018 11:15

Rapporter annonse