Utløpt

Sosionom i poliklinikk

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Kronstad DPS, Psykosepoliklinikken
Stillingstittel
Sosionom i poliklinikk
Frist
02.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) er eit vaksenpsykiatrisk lokalsjukehus for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda i Bergen kommune og har ansvar for ca. 90.000 menneske over 18 år. Kronstad DPS er lokalisert i eit nytt og moderne bygg på Danmarksplass.

Psykosepoliklinikken tilbyr spesialisthelsetenester til personar som har ei psykoseliding. Som ein av dei første i landet har vi organisert poliklinikken i to team som arbeider etter FACT-modellen. FACT står for Flexible Assertive Community Treatment , og kan omsettast til fleksibelt, aktivt og oppsøkande behandlingsteam. Vi har både poliklinisk og oppsøkjande behandling av pasientar. I kritiske fasar kan eit FACT-team tilby tettare oppfølging for å kunne førebyggje kriser, hindre at pasienten må innleggjast og bidra til å stabilisere ein vanskeleg situasjon.

Poliklinikken har eit godt, veletablert og fleirfagleg arbeidsmiljø som består av overlegar/psykiatrar, psykologar/psykologspesialistar, psykiatriske sjukepleiarar/vernepleiarar, erfaringskonsulentar, ergoterapeut, sosionomar og jobbspesialistar.

Vi har no ledig ei fast 100% stilling, og søkjer etter ein sosionom som vil vere med på å ivareta og vidareutvikle tilbodet til pasientgruppa.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk og ambulant, utretta behandling og rehabiliteringsarbeid av vaksne pasientar med alvorleg psykisk liding
  • Pasientoppfølging etter FACT-modellen
  • Utstrakt grad av oppsøkjande verksemd og arbeid i tverrfagleg team
  • Betre livskvalitet og gje den sosialfaglege bistanden som er nødvendig for å oppfylle mål for den enkelte pasient
  • Gje endringsskapande hjelp til pasienten og familie/pårørande; eventuelt i samarbeid med andre hjelpeinstansar
  • Sikre at pasienten sine trygde- og sosiale rettigheter blir ivaretatt
  • Formidle kontakt mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, for eksempel NAV, psykisk helseteneste i kommunen og barnevernstenesta
  • Kartlegge og gi råd og rettleiing i økonomiske forhold - eventuelt kople på instansar som kan hjelpe vidare
  • Hjelp med å skaffe eller behalde bustad
  • Råd og rettleiing til arbeidsretta aktivitet og studiar
  • Sosionom som har vidareutdanning med godkjenning innan relevant fagområde, kan ha utvida ansvar for oppfølging og behandling av pasientar jf. Godkjenningsordning for kliniske sosionomar
  • Arbeidet er hovudsakleg på dagtid, men noko arbeid om ettermiddag og kveld må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgskule (sosionom)
  • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rus
  • Ønskjeleg med kunnskap og kompetanse innan kognitiv terapi og recovery-orientert behandling
  • Brei erfaring frå psykiatri/rus og arbeid med målgruppa i NAV, spesialisthelsetenesta og/eller det kommunale tenesteapparatet
  • Søkjar bør ha førarkort kl. B.

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sosionom

Eigenskapar

  • Du er motivert, fleksibel, interessert og har respekt og engasjement for pasientar med psykoselidingar
  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert, ansvarsfull og taklar stressande situasjonar med tryggleik og fagleg haldning
  • Du har særs gode evner til kontaktetablering og er nettverkskyndig
  • Du har tolmod, evne til å jobbe langsiktig og har god arbeidskapasitet
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar
  • Gode høve til personleg og fagleg utvikling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sosionom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Alf Georg Opheim Sørensen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
90 54 62 20
Kontaktperson
Leila Hodali
Stillingstittel
Seksjonsoverlege
Telefon
55 95 60 00
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 115913983
Sist endret 14. mar. 2018 12:10

Rapporter annonse