Utløpt

Spennande stilling som systemansvarleg

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Fagsenter administrative system
Stillingstittel
Spennande stilling som systemansvarleg
Frist
03.04.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Fagsenter administrative system er eit lite, men fagleg sterkt miljø som jobbar med system og prosjekt knytta til fagområda lønn, fråvær, reise, rekruttering, arbeidstidsplanlegging, personal og organisasjon. Vi legg stor vekt på utvikling og samarbeid, og har som mål at vi skal bidra til effektive prosessar og system innan dei administrative fagområda.

Helse Bergen nyttar Unit4 Business World (Agresso) innanfor lønn, personal, fråvær, refusjon, reise og personalportal/ressursweb. Vi er også i ferd med å ta i bruk ny løysing for elektronisk signering av arbeidsavtalar. Systemansvarleg skal vere ressursperson og pådrivar for utviklinga vår på desse områda.

Arbeidsoppgåver

  • Systemansvar for Unit4 Business World (HR og lønn)
  • Følgje opp endringsønskjer og feil mot intern IT-leverandør
  • Kvalitetssikring og testing av endringar (bruk av testverktøy)
  • Uttrekk av data ved behov
  • Tett samarbeid med superbrukarar innanfor dei ulike fagområda
  • Bistå med brukarstøtte
  • Delta i lokale- og regionale prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med systemansvar innan Unit4 Business World (HR og lønn)
  • Kompetanse innan lønn- og fråvær/refusjon i Unit4 Business World
  • God IT-kompetanse og systemforståing
  • Fordel med erfaring frå prosjektarbeid i større organisasjonar
  • Gode kommunikasjonsevner, både norsk munnleg og skriftleg
  • Minimum 2-4 års relevant arbeidserfaring

Utdanning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • IKT-fag
  • Økonomi / Rekneskap

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Du er løysingsorientert, nysgjerrig og initiativrik
  • Du er analytisk og strukturert
  • Du liker å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Du blir motivert av nye løysingar og må trivast i rolla som pådrivar

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Spennande og krevjande oppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø.
  • Lønn etter avtale.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Økonomi og regnskap,
IT
Stillingsfunksjon
Konsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Kulild
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
95 99 63 47
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 115874572
Sist endret 14. mar. 2018 10:53

Rapporter annonse