Fagbioingeniør ved Seksjon for kontroll- og utvikling
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen - Laboratorium for klinisk biokjemi (LKB)
- Stillingstittel
- Fagbioingeniør ved Seksjon for kontroll- og utvikling
- Frist
- 30.01.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Avdelinga utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utvikling.
Seksjon for Kontroll og utvikling er ein av LKB sine ikkje-analytiske seksjonar og har ansvar for overordna prosedyrar for handtering av analytisk kvalitetskontroll og tek og hand om laboratoriet sine eksterne kvalitetskontrollprogram. I tillegg har seksjonen ansvar for metodevalidering med statistisk analyse, regelmessig kontroll av pipetter, vekter og lodd og temperaturovervakingssystemet, Boomerang. Seksjonen har to bioingeniørar med PhD som driv eiga forsking og deltek også i andre sine utviklings- og forskingsprosjekt.
Fagstillinga er utfordrande, lærerik, og det blir gitt god opplæring, Det vil og vere mogleg å ta ein mastergrad med oppgåve knytt til seksjonen.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonen har ansvar for drift av intern og ekstern kvalitetskontroll, metodevalidering med statistisk analyse, interne revisjonar, temperaturovervaking, kontroll av vekter, pipettekalibrering m.m. Seksjonen har og ei rolle innanfor etablering av referanseområde og har ansvar for å administrere nettsida www.analyseoversikten om preanalytiske forhold og metodeinformasjon.
- Arbeidsoppgåver i næraste framtid blir å teste nye blodprøverøyr, og medverke i arbeid med hygiene og smittevern
- Alle deltek i blodprøvetaking ein eller fleire dagar i veka
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør med høveleg bakgrunn og minimum 2 års erfaring som bioingeniør
- Det er ein fordel med vidareutdanning/mastergrad og interesse for statistikk
Utdanning
- Bioingeniør
- Bioingeniørfag
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Språk
- Norsk
Eigenskapar
- Søkjarar må ha god datakunnskap og kunne arbeide både i gruppe og sjølvstendig
- Må ha motivasjon og interesse for fagfeltet
- Må vere punktleg og påliteleg
- Må ha ha gode samarbeidsevne og kunne uttrykkje seg godt både skriftleg og munnleg
- Vere målretta, og får oppgåvene gjort
- Ha interesse for undervising
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Lønn etter gjeldande avtale i Helse Bergen.
- Det er aktuelt å delta i avdelinga sin vaktturnus.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Bioingeniør
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Marit Sverresdotter Sylte
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 55 97 31 35
- Kontaktperson
- Anne Grete Thue
- Stillingstittel
- Avdelingssjef
- Telefon
- 55 97 31 19
Følg firma
2234 følger dette firmaet
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen