Utløpt

Fagbioingeniør, 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Hormonlaboratoriet
Stillingstittel
Fagbioingeniør, 100% fast stilling
Frist
30.01.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ved avdelinga har vi ledig ei fast 100% stilling som fagbioingeniør ved Seksjon for kromatografiske analysar og massespektrometri.

Hormonlaboratoriet er eit spesiallaboratorium for hormonanalysar og er eit av i alt seks laboratorium organisert i Laboratorieklinikken. Vi utfører om lag 300.000 hormonanalysar i året og har i tillegg det medisinsk faglege ansvaret for om lag 400.000 hormonprøvar analysert ved Laboratorium for klinisk biokjemi.

Avdelinga har to seksjonar for rutineverksemd, Seksjon for kromatografiske analysar og massespektrometri og Seksjon for automat og spesialanalysar og held til i lyse og trivelege lokale i 8 etasje i Laboratoriebygget. I tillegg har vi ein Seksjon for Forsking og utvikling (FoU).

Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår og vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka.Vi er i ein akkrediteringsprosess der dei tilsette er viktige medspelarar og bidragsytarar. Ein må vere merksam på avdelinga sin visjon, målsetjing og kvalitetsystem og ha desse som rettesnor for det daglege arbeidet.

For meir informasjon om avdelinga, sjå våre heimesider
Hormonlaboratoriet

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift av metoder knyttet til seksjonen
  • Ansvarleg for utarbeiding og oppdatering av prosedyrar
  • Dagleg instrumentansvar
  • Delta i validering og uttesting av nye metodar og nytt forbruksmateriale ? ?
  • Opplæring av medarbeidarar og studentar?
  • Delta i rutinearbeid ved seksjonen samt blodprøvetaking
  • Halde seg personleg orientert om utviklinga innan sitt fagspesifikke område

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Det vil vere ein fordel med erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Driftspersonell må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer dei i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar vil vere ein fordel

Utdanning

  • Bioingeniør
  • Bioingeniørfag
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Eigenskapar

  • Ha gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Nøyaktig, sjølvstendig og strukturert
  • Trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Løysingsorientert
  • Like varierte utfordringar
  • Teknisk anlagt
  • Engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Dagarbeid med mogelegheit for fleksibel arbeidstid

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Hoff Skavøy
Stillingstittel
Sjefsbioingeniør
Telefon
55 97 43 97
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 111654398
Sist endret 8. jan. 2018 11:04

Rapporter annonse