Utløpt

Vikariat som Psykolog/ Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Avdeling for rusmedisin, Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Stillingstittel
Vikariat som Psykolog/ Psykologspesialist
Frist
21.01.2018
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for rusmedisin, LAR, har ansvaret for behandlinga til pasientane i LAR i Bergensområdet. Vi har totalt om lag 70 tilsatte fordelt på 7 poliklinikkar i ulike bydelar i Bergen, samt eit eige team for pasientar i omegnskommunane. Eininga er tverrfagleg samansett med sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, merkantile, legar og psykologar. Det er to psykologspesialistar i seksjonen, samt seks psykologar.

Etter nokre års oppbygging av eininga er tida no moden for ein større satsing på psykologisk behandling for pasientane. Vi vil utvikle eit integrert behandlingstilbod med betydeleg fokus på psykososiale perspektiv.

I løpet av dei neste to åra vil seksjonen etablere individ-, gruppe- og dagbehandlingstilbod. Det er forventa at psykologar skal drive med behandling, men ein skal i tillegg støtte medarbeidarar gjennom rettleiing, undervising og samarbeid i team. Vi ser etter psykologar som kan hjelpe oss med å utvikle ein felles forståing og ein integrert modell for rusbehandling til pasientgruppa i LAR.

Vi lyser no ut ein vikarstilling som psykolog/ psykologspesialist.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging og diagnostisering
  • Behandling - individuelt, ambulant, familie og i gruppe
  • Bidra i utviklingen av eit nytt tilbod for dag- og gruppeterapi
  • Arbeid i tverrfagleg team
  • Rettleiing og undervising eksternt og internt
  • Samarbeid med pasienten sitt nettverk
  • Arbeidsstad vil vere dels i Bergen sentrum og dels i ein poliklinikk i ein av bydelane

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Erfaring frå arbeid med pasientar med samansette sjukdommar innan rus og psykiatri vil telje positivt

Utdanning

  • Profesjonsstudium
  • Psykologi

Eigenskapar

  • Engasjement, vilje og evne til å jobbe over tid med pasientar med stor sjukdomsbyrde og samansett problematikk
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men i tverrfagleg samarbeid, integrert og som støtte for andre faggrupper
  • Fleksibilitet i arbeidsmetodikk og tilnærming til pasientane
  • God kompetanse i å uttrykke seg både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 50 - 100%
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Deltaking i utviklinga av ein ny integrert behandlingsmodell for ein sårbar gruppe pasientar med stor sjukdomsbyrde
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Støtte frå psykologkollegaer
  • Lønn i samsvar med gjeldende overeinskomst

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Østre Muralmenningen 7, 5012 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Christian Ohldieck
Stillingstittel
Seksjonsoverlege
Telefon
47 31 84 19
Kontaktperson
David Walker
Stillingstittel
Psykologspesialist
Følg firma
2253 følger dette firmaet

Østre Muralmenningen 7, 5012 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 110800279
Sist endret 22. des. 2017 13:36

Rapporter annonse