Utløpt

Psykolog/Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Fana, Fusa og Aus
Stillingstittel
Psykolog/Psykologspesialist
Frist
12.01.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Det regionale psykiske helsetilbodet for barn og unge med psykiske vanskar og høyrslevanskar i Helse Vest er under oppbyggjing, og har i dag 1 stilling. Dette tilbodet vert no utvida til 2 stillingar. Det regionale tilbodet er plassert ved BUP Fana, Fusa, Austevoll, som held til på Nesttun, i Bergen. Vaksne har eit tilsvarande tilbod - med 2 stillingar, plassert på DPS Kronstad. Til saman utgjer dette det regionale senteret for høyrsle og psykisk helse.

Kompetanse innan høyrslefeltet er ikkje ein føresetnad.

Arbeidsoppgåver

  • Inntaksvurdering, utgreiing, diagnostikk og behandling
  • Undervising, informasjonsarbeid, rettleiing og rådgjeving til fagfolk og brukargrupper
  • Tverrfagleg samarbeid, både internt i PBU og eksternt i form av utstrekt samarbeid med helsetenesta og andre tenestetilbod
  • Målgruppa for behandlingstilbodet er lita, og bur i heile regionen. Ein del reiseverksemd vil difor inngå i arbeidet
  • Tenesteutvikling/fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Psykologar i spesialistutdanning kan også søkje. Kompetanse i bruk av teiknspråk er ein fordel, men opplæring i teiknspråk og kompetanse innan høyrslehemjing vil inngå i stillinga. Dei fleste barn som vore tilvist er tunghøyrde (ikkje døve).
  • Norsk autorisasjon.

Utdanning

  • Profesjonsstudium
  • Psykolog
  • Psykologi

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Vi søkjer ein fagleg sterk medarbeidar som er open for nye utfordringar, som er fleksibel, engasjert og som har stor arbeidskapasitet.
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Det vil verte lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Rom for medverknad til utvikling av stillinga
  • Deltaking i nettverk for nasjonal behandlinsteneste for høyrsle og psykisk helse (Oslo)
  • Deltaking i samarbeid med andre regionssenter i Noreg

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Østre Nesttunvei 20, 5221 Nesttun
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog

Nøkkelord

Hørselsvansker/psykisk, helse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Steinar Urdshals
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 80 16
Kontaktperson
Mari Anne Eliassen
Stillingstittel
Psykologspesialist
Telefon
55 97 80 00
Følg firma
2249 følger dette firmaet

Østre Nesttunvei 20, 5221 Nesttun

Annonseinformasjon

FINN-kode 110320391
Sist endret 12. des. 2017 13:18

Rapporter annonse