Utløpt

Overlege/ spesialist i psykiatri ved Avdeling Stemningslidingar

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Psykiatrisk klinikk
Stillingstittel
Overlege/ spesialist i psykiatri ved Avdeling Stemningslidingar
Frist
01.01.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken er lokalisert på Sandviken sjukehus og Haukelandsområdet, og er delt inn i seks avdelingar; Stemningslidingar, Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Spesialisert psykosebehandling (ASP), Alderspsykiatri, Spiseforstyrringar og Psykosomatikk. Avdeling Stemningslidingar er lokalisert ved Sandviken Sjukehus.

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå. Dei fleste pasientane blir overførte til døgnseksjonane ved Avdeling Stemningslidingar frå Psykiatrisk akuttmottak (PAM). Døgnseksjonane er godkjende for tvungent psykisk helsevern etter psykisk helsevernlova.

I første kvartal 2018 legg vi om drifta ved Avdeling Stemninglidingar og vil ha 2 døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar i tillegg til ein spesialisert poliklinikk.

Avdelinga gir gode vilkår for forsking i samarbeid med Forskingseininga.

Vi har ledig to 100% faste stillingar som overlege, spesialist i psykiatri. Stillingane er ledige frå 01.01.2018 og 01.02.2018.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av pasientar med affektive lidingar, men og andre psykiske lidingar
  • Samarbeid i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Relevant sjukehuserfaring er ønskjeleg
  • Må beherske norsk både skriftleg og munnleg svært godt

Utdanning

  • Medisin
  • Profesjonsstudium
  • Psykiater
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Du arbeider strukturert og målretta
  • Du er fleksibel
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar
  • Du kommuniserer godt med dei fleste rundt deg
  • Du er opptatt av samarbeid og blir sett på som ein bidragsytar i samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå
  • Engasjerande og varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fordjuping, forsking og deltaking i prosjekt
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
., 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Psykiater

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingvild Bua
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
55 95 84 00
Kontaktperson
Inger Marie Waage
Stillingstittel
Overlege
Telefon
98 62 64 00
Følg firma
2248 følger dette firmaet

., 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 109609955
Sist endret 18. des. 2017 07:54

Rapporter annonse