Utløpt

Bli leiar i Statens vegvesen Region vest

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Bli leiar i Statens vegvesen Region vest
Frist
19.11.2017
Ansettelsesform
Fast

Vi søkjer ny leiar til vår seksjon for juridisk- og anskaffelsar ved HR- og administrasjonsavdelinga.

Seksjonen har ein viktig rådgivande rolle innan det juridiske området ut mot dei andre avdelingane og eksternt mot våre brukarar. Vidare har seksjonen ein sentral funksjon når det gjeld anskaffingar og gir støtte og rådgjeving til andre einingar i kommersielle og juridiske forhold ved innkjøp.

Seksjonen har 18 dyktige og fagleg sterke tilsette på kontora i Leikanger, Bergen og Stavanger. Kontorstad for stillinga er i Leikanger, men Bergen eller Stavanger kan vurderast. Stillinga innber noko reiseverksemd.

Seksjonen sine hovudoppgåver er:

  • Juridisk rådgiving og sakshandsaming
  • Rådgiving/saksbehandling innan anskaffingar, kontraktsrett, erstatningsrett, veglov og naborettslege problemstillingar m.m.
  • Fullverdig og profesjonell støtte til anskaffelses¬prosessar i regionen
  • Ansvar for anskaffelsesnemnd og ansvar for opplæring/informasjon og kontroll av anskaffelsesprosessar
  • Førebuing ved rettssaker og KOFA klagesaker

Stillinga som seksjonsleiar inneber dagleg leiing og utvikling av seksjonen, herunder personal- og budsjettansvar. Viktige oppgåver blir å legge til rette for utvikling av kompetanse og kapasitet innanfor seksjonen sine arbeidsområde, samt stimulere til god kontakt med andre einingar i regionen.

Du vil i tillegg også yte fagleg oppgåvestøtte både internt på eininga og eksternt. Som seksjonsleiar går du og inn i HR- og administrasjonsdirektøren si leiargruppe.

Kvalifikasjonskrav

Du har juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitenskap. Erfaring frå gjennomføring av innkjøpsarbeid i ei større verksemd vil vere viktig, samt erfaring frå kontraktsarbeid. Kjennskap til lovverk om offentlege anskaffelsar vil også verte vektlagt.

Du har fleirårig erfaring frå personalleiing og utviklingsarbeid innan team/grupper.

Vi ønskjer oss ein trygg leiar som har evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte, som kan inspirere og skape kultur for samarbeid. Du er strukturert, kommuniserer og samhandler godt, er løysingsorientert og kan vise handlekraft. Vi vektlegger at du er åpen og ærlig, god til å lytte, ansvarsbevisst og evner å tenke heilskapeleg.

Du har evne til å sjå moglegheiter for forbetring, tenkje nytt og videreutvikle våre fagområde.

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • eigne leiarutviklingsprogram
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og våre tilsette  skal spegle samfunnet. Vi vil tilpasse arbeidshøva dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

 

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 6863 Leikanger
Bransje
Juridiske tjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Jurist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Einride Horstad
Telefon
91 53 91 47
Følg firma
447 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 107806943
Sist endret 3. nov. 2017 15:36

Rapporter annonse