Utløpt

Arbeidsleiar reinhald

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Hospitaldrift
Stillingstittel
Arbeidsleiar reinhald
Frist
03.11.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift-/teknisk divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift har 7 einingar og ca. 700 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane, og har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, nedvask (hovudreinhald), smittevask og produksjon av reine senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Hospitaldrift Reinhald har ledig stilling som arbeidsleiar, for tida med arbeidsplass ved Kvinneklinikken

Arbeidsoppgåver

  • Driftsansvar for tildelt personalgruppe og område
  • Oppfølging av den daglege drifta
  • Opplæring og rettleiing i reinhaldsarbeidet
  • Personaloppfølging av tildelt gruppe
  • Delta i kvalitetskontrollar
  • Kundekontakt
  • Ivareta eininga sine mål

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein person med interesse for og erfaring frå reinhaldsfaget
  • Ønskjeleg med fagbrev i reinhaldsoperatørfaget
  • Bør ha arbeidsleiarskole eller liknande
  • Grunnleggjande datakunnskapar
  • Erfaring som leiar
  • Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Fagskule/fagbrev
  • Grunnskule
  • Reinhald

Eigenskapar

  • Vi ønskjer at søkjar skal vere utadvendt og serviceinnstilt
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig og målretta
  • Ha evne til å jobbe strukturert og effektivt i eit til tider travelt miljø
  • Kunne jobbe med eit fysisk arbeid

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn etter avtale
  • Arbeidstid: 07.00 - 15.00 måndag til fredag
  • Kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåver
  • Ein veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ravi Ratnasingham Pasupathy
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
97 46 97 48
Kontaktperson
Trond Holm Johansen
Stillingstittel
Einingsleiar
Telefon
55 97 21 05
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 106329815
Sist endret 13. okt. 2017 11:07

Rapporter annonse