Fagbioingeniør Prosjekt- og biobankprøver, Preanalytisk seksjon
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen - Laboratorieklinikken
- Stillingstittel
- Fagbioingeniør Prosjekt- og biobankprøver, Preanalytisk seksjon
- Frist
- 22.10.2017
- Ansettelsesform
- Fast
Biobank Haukeland er ein del av infrastruktursatsinga Haukeland universitetssjukehus har i samarbeid med Universitetet i Bergen, og skal bidra til god kvalitet i forskingsprosjekta og at lovpålagte krav blir oppfylt. Biobank Haukeland ynskjer å levere eit komplett tilbod til sine brukarar, som mellom anna involverer rådgjeving, prøvetaking for prosjekt, alikvotering, prosessering og lagring av biologisk materiale i ein automatisert lagringseining.
Vi søkjer no etter ein engasjert medarbeidar som ynskjer å bidra i utvikling av ein moderne biobankfasilitet. Dei som blir tilsett må arbeide tett med prosjektkoordinator ved LKB og andre tilsette i Biobank Haukeland, med eit felles mål om optimal prøvekvalitet på biologisk materiale til forsking.
Dei utlyste stillingane får oppgåver knytt til abeid både med prosjekt- og biobankprøver i tillegg til andre ordinære oppgåver i Preanalytisk seksjon.
Arbeidsoppgåver
- Delta i prosjektarbeid, mellom anna med blodprøvetaking og handtering av biologisk materiale til forsking
- Delta i dagleg rutine ved Preanalytisk seksjon
- Delta i biobanken sine daglege arbeidsoppgåver, som mellom anna omfattar mottak, registrering, lagring og utlevering av prøver frå fryselager
- Betene alikvoteringsrobot som er under anskaffing
- Drift av automatisert fryselager
- Delta i biobanken si beredskapsordning for temperaturovervaking
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som bioingeniør og 2 års erfaring frå relevant laboratorium
- Erfaring frå preanalytisk arbeid, spesielt erfaring med prøvetaking og prøvebehandling
- Fordel med erfaring frå biobankrelatert arbeid
- Fordel med relevant tilleggsutdanning
Utdanning
- Bioingeniør
- Bioingeniørfag
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Språk
- Norsk
Eigenskapar
- Evne til samarbeid og lagarbeid
- I tillegg må ein kunne arbeide effektivt og systematisk
- Det blir vurdert om søkjar er eigna for oppgåvene
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Dagarbeid
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Bioingeniør
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anne Grete Thue
- Stillingstittel
- Avdelingssjef
- Telefon
- 55 97 31 19
- Kontaktperson
- Ann Cathrine Kroksveen
- Stillingstittel
- Leiar Biobank Haukeland
- Telefon
- 55 97 17 90
Følg firma
2257 følger dette firmaet
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen