Utløpt

Kontrollingeniør tunnel i Sogn

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Kontrollingeniør tunnel i Sogn
Frist
24.09.2017
Ansettelsesform
Fast

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør på Goteviktunnelen mellom Vik og Vangsnes. Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen, p.t. knytt til vegavdeling Sogn og Fjordane, vegseksjon Sogn.

Stillinga vil vere knytt til byggjeleiing av Goteviktunnelen. Vi er ute etter ein person med erfaring innan tunneldriving og bygging av veg. Under driving av Goteviktunnelen vil det vere skiftarbeid med friordning.

Arbeidsoppgåvene vil m.a. vere:

  • Delta aktivt i helse, miljø og tryggleiksarbeid (HMS)
  • Følgje opp entreprenøren sitt kontraktarbeid
  • Avslutte og dokumentere gjennomførte tiltak

Kvalifikasjonskrav:

Utdanning frå fagskule eller høgskule, med kompetanse innan bygg- og anleggstekniske fag.

For kandidatar med relevant praksis, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå  NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg også vekt på:

  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til oppfølging av entrepriser
  • Kunnskap om regelverk og forskrifter innan relevante fagfelt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • At du er sjølvstendig, målretta og jobbar strukturert
  • Gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibilitet til arbeidsoppgåver

Statens vegvesen - ein god arbeidsplass:

Vi tilbyr varierte og utfordrande oppgåver i eit aktivt og fagleg godt miljø, høve til kompetanseheving, samt gode arbeidstidsordningar.

Stillinga vil bli løna etter nærare avtale i høve etaten sin lønspolitikk. Det vert trekt 2% av løna til pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Søknad:

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

*LI-PRIORITY

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 6893 Vik i Sogn
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eivind Yttri
Telefon
57 65 57 99
Følg firma
446 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6893 Vik i Sogn

Annonseinformasjon

FINN-kode 103795628
Sist endret 6. sep. 2017 08:39

Rapporter annonse