Avdelingsingeniør
- Arbeidsgiver
- Medisinsk-teknisk avdeling / Seksjon for nevrologi og audiologi
- Stillingstittel
- Avdelingsingeniør
- Frist
- 27.08.2017
- Ansettelsesform
- Fast
Arbeidsoppgåver
Vedlikehald og ettersyn av medisinsk utstyr der det meste er PC-basert og inngår i ulike IKT-system. Hovudtyngda av utstyret er knytt til Klinikk hode hals og Nevroklinikken, samt tilsvarande utstyr på operasjonsavsnittet.Deltaking i ulike tverrfaglege arbeidsgrupper for:
- innkjøp av medisinsk utstyr
- opplæring av brukarar
- vurdering av behandling av pasientar
- testing av pasientar
- utarbeiding av rutinar og dokumentasjon
Den som blir tilsett må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben, i hovudsak på utstyrsspesifikke kurs/opplæring
Avdelinga har ei vaktordning som det kan bli aktuelt å delta i
Kvalifikasjonar
Bachelor-, mastergrad eller tilsvarande innan elektronikk, kybernetikk eller automasjonDet er ynskjeleg med erfaring/kunnskap innan nokre av desse områda:
- akustikk
- digital signalanalyse
- vedlikehald av medisinsk utstyr
- drift av server/PC i nettverk
- utvikling av små program/skript
Det er ynskjeleg med samtykke frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap til å arbeide med reparasjon av elektromedisinsk utstyr. Dei som ikkje har samtykke vil få nødvendig opplæring.
Utdanning
- Elektronikk/elektro/telekommunikasjon
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Språk
- Norsk
- Engelsk
Eigenskapar
Den som blir tilsett må:- kunne bli ekspert på nokre av utstyrsgruppene vi har ansvar for
- ta sjølvstendig ansvar for å løyse problem på kort varsel
- kommunisere godt med mange ulike yrkesgrupper
Vi tilbyr
Stillingsbrøk: 100%Godt arbeidsmiljø med spennande og varierte arbeidsoppdrag
Fleksibel arbeidstid
Kontinuerleg opplæring innan fagområdet
Arbeid i team
Gode pensjons- og forsikringordningar
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukeland universitetssjukehus, 5021 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør / Akustikk,
- Ingeniør / Elektroingeniør
Nøkkelord
Medisinsk, teknikk,, audiologi,, nevrologi
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Kjell Grøndahl
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar (til 1. august)
- Telefon
- 46 82 44 12
- Kontaktperson
- Kjell-Magne Nupen
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar (fra 1. august)
- Telefon
- 55 97 26 46
Følg firma
2253 følger dette firmaet
Haukeland universitetssjukehus, 5021 Bergen