Utløpt

Kundekonsulent

Arbeidsgiver
Drift/teknisk kundesenter
Stillingstittel
Kundekonsulent
Frist
20.08.2017
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Drift/teknisk kundesenter er eit internt kundesenter i Helse Bergen. Gjennom ei web-side, eit telefonnummer og ei e-postadresse skal det vere enkelt for tilsette å henvende seg til Drift/teknisk divisjon. Drift/teknisk divisjon yter eit breitt spekter av ikkje-medisinske tenester til avdelingane i Helse Bergen. Divisjonen har som visjon å gjere kvardagen enklare for avdelingane ved sjukehuset.

Vi er nå på jakt etter ein dyktig kundekonsulent og har ledig vikariat til 30.09.2018.

Arbeidsoppgåver

  • Ta imot, behandle og følgje opp alle typer kundehenvendingar til Drift/teknisk divisjon på telefon, e-post, elektronisk bestillingssystem og personleg oppmøte. Kundeservice innan fleire område. Til dømes bestilling av tekniske tenester, koordinering av flytteteneste, søknader på parkeringsplass, tildeling av garderobe, utskriving av id-kort og hjelp til nytilsette.
  • Rettleiing og informasjon til kundar om divisjonen sine tenester og bestillingssystem.
  • Koordinere tenester mellom fleire einingar i divisjonen

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med kundebehandling
  • Erfaring frå kundesenter er ønskeleg men ikkje eit krav
  • Må ha grunnleggjande datakunnskap og kunne bruke ulike datasystem på brukarnivå
  • Må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag

Eigenskapar

  • Høg grad av serviceinnstilling
  • Det vil bli lagt vekt på å vere personleg eigna
  • Kommunisere godt med ulike typer menneske
  • Trivast med ein travel dag full av aktivitet og varierte oppgåver
  • Kunne handtere fleire oppgåver samstundes
  • Fleksibel
  • Strukturert i arbeidet

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Varierte arbeidsoppgåver, rotering mellom oppgåvene
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Godt arbeidsmiljø
  • Dagtid frå måndag til fredag
  • Det vil bli gitt god opplæring

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Liesvei 89, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Kundeservice

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjersti Helgesen
Stillingstittel
Avdelingssjef
Telefon
90 51 47 93
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Jonas Liesvei 89, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 100152476
Sist endret 31. jul. 2017 12:31

Rapporter annonse